Hopp til innhald

Fagstoff

Naudssituasjonar

Naudssituasjonar er sjeldne, men når dei først oppstår, er det viktig at du veit kva du skal gjere. Situasjonen kan vere dramatisk, og du må gjerne handle raskt. Ved å delta på ulike beredskapsøvingar vil du få trening som gjer det lettare å halde hovudet kaldt når ein naudssituasjon oppstår.
Ein buss ligg velta i ei grøft. Utanfor står evakuerte passasjerar med tilgrisa klede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein situasjon med akutt risiko for helse, liv, eigedom eller miljø kallar vi ein naudssituasjon. I ein slik situasjon er det viktig at vi varslar naudetatane – brannvesenet, helsevesenet og politiet. Desse har utstyr, spisskompetanse og erfaring som gjer dei i stand til å handtere naudssituasjonar på ein best mogleg måte.

Tenk over

Korleis varslar vi naudetatane?

Kva gjer vi fram til naudetatane kjem til staden?

Kva er rolla vår etter at naudetatane har komme?

Hendelsesforløpet for en nødsituasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikring og varsling

Når ein naudssituasjon oppstår, må skadestaden sikrast og naudetatane varslast. Kva som skal gjerast først og sist, kjem an på situasjonen. Drøft situasjonane nedanfor i klassa.

Kva gjer du i dei ulike situasjonane?

Situasjon 1

Du jobbar på eit hotell ved sjøen og oppdagar ein person som kavar ute i vatnet. Det ser ut som personen er i ferd med å drukne.

Situasjon 2

Du jobbar som turleiar på ein fjelltur. Ein av gjestane snublar og fell ned på ei fjellhylle. Det er dårleg mobildekning i området.

Situasjon 3

Du jobbar som guide på ein turbuss. Det er glatt, og bussen krasjar i fjellveggen i ein sving med dårleg sikt. Du er litt forslått, men elles uskadd. Situasjonen for passasjerane er uoversiktleg.


Om det ikkje går utover sikkerheita, bør vi varsle først. Ved å varsle kjem vi i kontakt med naudetatane, som vil rettleie oss gjennom heile prosessen fram til dei er på plass på staden.

Er det andre til stades, kan du få dei til å hjelpe deg. Gi klare beskjedar, så det blir tydeleg kven som gjer kva.

Les om sikring og varsling

Sikring og varsling

Du må alltid tenkje på di eiga sikkerheit og helse. Om du ikkje tek vare på deg sjølv, kan du heller ikkje hjelpe andre, så hugs at sikkerheita alltid kjem først.

I naudssituasjonar kan det fort oppstå panikk, og ei av oppgåvene dine som servicemedarbeidar er å bidra til å skape ro. Jo tryggare du er på oppgåvene dine, jo enklare er det å behalde roa. Det er derfor viktig med beredskapsøvingar. Om du klarer å vere roleg og ta ei leiande rolle, bidreg du òg til at andre kan klare å hjelpe til.

Les om beredskapsplanar

Grunnleggjande om beredskapsplan

Ulike naudssituasjonar

Det er mange ulike naudssituasjonar som kan oppstå, og korleis vi bør opptre, kan variere frå situasjon til situasjon. Nokre av situasjonane vi omtaler her, er kanskje mindre aktuelle for akkurat din arbeidsplass, men det er likevel bra å ha litt kunnskap om dei.

Jobbar du i ein butikk, kan du til dømes oppleve at ein kunde blir akutt sjuk, at ein kunde er trugande, eller at butikken må evakuerast på grunn av brann eller ein bombetrussel.

I reiselivet kan vi oppleve dei same situasjonane som i døma frå butikken. I tillegg kan vi ha naudssituasjonar som bussulykker, fallulykker og personar som kjem bort frå reisefølgjet sitt.

PLIVO (pågåande livstrugande vald)

Inngangspartiet til ein Extra-butikk, med sperreband og politi som arbeider på staden. På trappa framfor inngangsdøra er det  blomar og lys. Foto.

Noko av det mest dramatiske vi kan komme borti, er såkalla PLIVO-situasjonar. Det er situasjonar der éin eller fleire gjerningsmenn utøver livstrugande vald med våpen eller farlege gjenstandar mot uskuldige personar.

I PLIVO-situasjonar er eiga sikkerheit ekstremt viktig. Vi må sørgje for å komme oss i sikkerheit og varsle politiet.

Naturkatastrofar

Bil med naudlys på kanten av eit jordras. Fleire hus er tekne av raset. Foto.

Flaum, jordras, jordskjelv og tsunamiar er døme på naturkatastrofar. I tillegg kan uvêr føre til farlege situasjonar for naturbasert reiseliv.

For å redusere sjansane for å hamne i ein naudssituasjon må vi følgje med på vêrmeldinga og på faren for jordras, snøskred m.m.

Vi må òg ha med naudsynt sikrings- og varslingsutstyr i tilfelle ein katastrofe inntreffer.

Brann

Tjukk, grå røyk veltar ut av ei stor passasjerferje. Ved sida  av ferja ligg ein brannbåt som driv sløkkjearbeid. Foto.

Det kan oppstå brann på mellom anna kjøpesenter, hotell, diskotek og restaurantar. Ved ein brann må vi varsle, evakuere og eventuelt prøve å sløkkje. Kva rekkjefølgje vi skal gjere det i, vil mellom anna avhenge av kor stor brannen er.

I ressursane nedanfor kan du lese meir om kva du bør gjere om det byrjar å brenne, og kva sløkkjemiddel som er eigna til ulike typar brannar.

Ressursar om brann på NDLA

Branninstruks
Sløkkjemiddel

Ulykker

Ulykke der eit vogntog har kollidert med ein passasjerbil. Naudetatane har komme til skadestaden. Foto.

I reiselivet kan vi mellom anna oppleve trafikkulykker, flyulykker, båthavari og drukning. Vi kan òg oppleve at kundar eller gjester får akutt sjukdom.

Ved ei ulykke er det viktig å sikre ulykkesstaden, varsle naudetatane og utføre førstehjelp. Les om dette i førstehjelpsressursane nedanfor.

Førstehjelpsressursar på NDLA

Rolla di som førstehjelpar

Sikring og varsling

Den første undersøkinga

Sideleie

Brystsmerter

Hjarte- og lungeredning, HLR

Mistanke om hjerneslag

Alvorleg bløding

Framandlekam i luftvegane

Hovudskade

Krampar

Forbrenningar

Brot

Forgiftingar

Nedkjøling og forfrysingar

Lågt og høgt blodsukker

Emosjonell førstehjelp

Sakna personar og leiteaksjonar

Eit helikopter i lufta og leitemannskapar på bakken ved eit hus nedanfor eit fjellparti. Foto.

Om personar kjem bort, kan det føre til ein naudssituasjon, til dømes dersom ein person blir borte frå reisefølgjet sitt på ein guida tur i krevjande terreng eller i dårleg vêr. I slike situasjonar kan det vere aktuelt å setje i gang ein leiteaksjon.

Det kan òg vere kritisk om eit lite barn forsvinn på eit kjøpesenter.

I situasjonar der nokon kjem bort, må vi ha rutinar for kva vi skal gjere, og for når vi bør ringje politiet.

Dødsfall

Dessverre kan vi komme til å oppleve dødsfall på jobb. Det kan vere dødsfall som følgje av ulykke, sjukdom, drap eller sjølvmord. I artikkelen nedanfor kan du lese om kvifor det er viktig med rutinar ved dødsfall, og kva slags rutinar vi bør ha.

Les om rutinar ved dødsfall

Rutinar ved dødsfall

Evakuering

Ved ei evakuering vil servicemedarbeidarar ha ein viktig jobb med å hjelpe kundar og gjestar.

I tilfelle ei evakuering skulle bli naudsynt, må du ha

  • kjennskap til alarminstruksar og instruksar for naudssituasjonar
  • kjennskap til naudutgangane og kva avgrensingar som gjeld for bruk av heisar
  • kunnskap om metodar for å evakuere funksjonshemma og personar som treng særskild bistand

  • ferdigheit i å bruke passasjerlister, om det er relevant

  • ferdigheit i å passe på at passasjerane har eigna klede på seg, når det er relevant

Gjennomarbeiding av opplevingar – personalomsorg

Naudssituasjonar kan vere dramatiske, og nokre gonger er dei traumatiserande. Enkelte kan få ein posttraumatisk stressreaksjon (PTSD). Ein slik reaksjon kjem som oftast cirka ein månad etter hendinga. PTSD påverkar både livskvalitet og arbeidskapasitet.

Tiltak

Det er viktig å setje inn målrette tiltak etter traumatiserande hendingar. I naudssituasjonar kan det vere mange råka, både dei som er direkte råka, overlevande, pårørande, etterlatne og innsatspersonell.

I ein tidleg fase er det viktigast å dekkje personlege behov, som behandling av skadar og behovet for mat, klede og søvn. I tillegg er det viktig å arbeide seg gjennom hendinga, og til det formålet er det vanleg å gjennomføre både defusing og debrifing.

Ei defusing er ei uformell samling med alle involverte som bør gjennomførast rett etter hendinga. På ei slik samling kan ein få lufta kjensler og opplevingar ein sit att med.

Ei debrifing er ein meir formell gjennomgang av kva som skjedde, men også her bør det vere rom for at dei involverte kan få snakke om korleis dei opplevde hendinga, og kva dei følte. Debrifinga kan gjerne finne stad dagen etter hendinga.

Defusing og debrifing er tiltak for å få arbeidd med hendinga ved å snakke gjennom det som har skjedd. Vi har hatt ei vellykka gjennomarbeiding av hendinga om vi klarer å snakke om ho, sjå bilete og video av ho, høyre om ho eller bli mint om ho utan at vi opplever stress eller ubehag.

I tida etter ei traumatisk hending bør vi vere ekstra støttande ovanfor råka kollegaer, og hjelpe dei til å komme tilbake til dei daglege rutinane.

Ved mistanke om PTSD er det viktig å oppsøkje profesjonell hjelp.

Relatert innhald

Du er på jobb, og det oppstår ein naudssituasjon. Kva bør du gjere dersom desse ulike scenarioa oppstår?



CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2022

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar