Hopp til innhald
Film og filmklipp

Mistanke om hjerneslag

Hjerneslag oppstår når eit område i hjernen ikkje får tilført tilstrekkeleg oksygen. Dette kan skje ved at ein blodpropp tettar igjen ei blodåre i hjernen, eller ved at ei blodåre i hjernen sprekk. I dei aller fleste tilfella, om lag 85 prosent, er det snakk om ein blodpropp.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Teikn på hjerneslag

Teikna vil vere dei same anten det er blodpropp eller hjernebløding.

  • personen er skeiv i munn/ansikt
  • nedsett kraft i ein av armane
  • problem med å snakke

Førstehjelpstiltak og undersøking ved mistanke om hjerneslag

For å undersøke om personen kan ha fått eit hjerneslag, bruk hugseregelen

  • PRATE – be personen å om å seie ei enkel setning samanhengande.
  • SMILE – be personen om å prøve å smile, le eller vise tennene.
  • LØFTE – be personen om å prøve å løfte opp begge armane.

Viss personen har problem med å utføre ei eller fleire av oppgåvene over, ring 113 – her tel kvart sekund. Her vil du få rettleiing og hjelp.

Overvak personen etter prinsippa for den første undersøkinga.

Det er viktig å vite at dei fleste som får hjerneslag, er personar over 75 år, men hugs at personar i alle aldrar, òg unge og barn, kan få hjerneslag. Dei aller fleste personane som har fått hjerneslag, vil ha problem med å utføre ei eller fleire av oppgåvene som er nemnde over.

Kjelder

Helsedirektoratet. (2016). Hva er hjerneslag? Henta 27. mai 2020 frå https://helsenorge.no/sykdom/hjerne-og-nerver/hjerneslag/hjerneslag-arsaker

Hjerneslag. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken. (6. utgåve). Henta 24. november 2019 frå https://www.lvh.no/symptomer_og_sykdommer/nervesystemet/cerebrovaskulaer_sykdom/hjerneslag

Hjerneslag. (2014). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 24. november 2019 frå https://nhi.no/animasjoner/nervesystemet/hjerneslag/

Relatert innhald

Fagstoff
Den første undersøkinga

Når du står overfor ein person som treng førstehjelp, må du først finne ut kor alvorleg situasjonen er.