Den vanlegaste årsaka til krampar med nedsett medvit er epilepsi. I denne oppgåva kan du øve på kva du skal gjere dersom du kjem over ein person med krampar.
Oppgåver
- Gå saman to og to og diskuter korleis de vil gå fram viss de ser ein person som får krampar.
- Lag eit rollespel der ein av dykk speler ein person med krampar og den andre hjelper. Demonstrer korleis du som hjelpar vil gå fram for å hjelpe personen som har fått krampar.
- Kvifor er det gunstig å ta tida på anfallet?
- Korleis vil du handtere det viss personen har slått seg i fallet?
- Er framgangsmåten alltid den same, òg uavhengig av alderen til ein person?
- Kva andre symptom enn krampar kan personar med epilepsi få?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2024