Oppgåve
Kva er emosjonell førstehjelp?
Flight-fright-freeze-respons er ulike reaksjonar du kan møte ved stressande situasjonar som til dømes alvorleg ulykker eller sjukdom. Når du er kjend med desse ulike reaksjonane, er det enklare å handtere dei når du er midt i ein alvorleg situasjon.
- Kva betyr emosjonell førstehjelp?
- Finn ut kva flight-fright-freeze-respons er når det gjeld emosjonell førstehjelp.
- Lag eit tankekart over ord/uttrykk som du meiner er sentrale ved emosjonell førstehjelp.
- Hent ut seks ord/uttrykk frå tankekartet, og forklar kva du legg i ordet/uttrykket.
- Forklar omgrepa:
- tillit
- empati
- sympati
- omsorg
- sorg
- anerkjenning
- bodskap
- etikk
- Tenk på ulike situasjonar der ein kan oppleve ein flight-fright-freeze-respons, og diskuter korleis ein bør handtere situasjonen.
- Samanlikn tankekartane dykkar. Reflekter og diskuter saman rundt orda og uttrykka som er beskrivne. Kvifor er dette sentralt i emosjonell førstehjelp?
Relatert innhald
Fagstoff
Emosjonell førstehjelpEin akutt skade eller sjukdom kan utløyse sterke emosjonelle reaksjonar av både psykisk og fysisk art for dei som er involverte.