Oppgåve
Leggje ein person i sideleie
Å leggje ein person i sideleie er viktig for å bidra til å halde luftvegane frie. Viss du veit kvifor og korleis du gjer dette, og har øvd på det, vil du enklare greie å gjere det når du er svært stressa.
- Gjer greie for når du skal leggje ein sjuk eller skadd person i sideleie.
- Gjer greie for dei viktigaste prinsippa som skal nyttast når du skal leggje ein person i sideleie.
- Lag eit tankekart der du beskriv tilfelle der du meiner det er riktig å leggje ein person i sideleie.
- Reflekter over tankekarta til medlemmene i gruppa. Er de samde i vurderingane?
- Jobb to og to. Ein elev legg seg på rygg som markør.
- Den andre personen skal no leggje markøren i sideleie.
- Byt roller etter gjennomføring.
Markøren ligg på magen.
- Korleis skal du på best mogleg måte leggje personen i sideleie?
- Prøv ulike metodar for å sjå kva som er den beste metoden for å få markøren frå mageleie til sideleie.
- Byt roller etter gjennomføring.
Markøren ligg på sida.
- Kva justeringar må gjerast for å få til eit godt sideleie?
- Gjennomfør dette praktisk.
- Byt roller etter gjennomføringa.
De har no gjennomført ulike scenarium der de har lagt markøren i sideleie.
- Drøft saman kva som er det viktigaste å tenkje på når du legg ein person i sideleie.
- Kva ønskjer de å oppnå ved å leggje ein person i sideleie?
Relatert innhald
Fagstoff
SideleieMedvitslause personar som pustar sjølv, skal du leggje i sideleie. For å vere sikker på at personen pustar, bør pusten overvakast først.