Smerter og ubehag i brystet må alltid bli tekne alvorleg. Det er naudsynt med undersøking av lege for å konstatere kva som er årsaka. Viss det dreier seg om hjarte- og lungeproblem, krev dette hurtig behandling.
Når ein eller fleire av dei oksygentilførande blodårene til hjartet blir tetta, kan det utløyse brystsmerter. Dersom åra er delvis tett, blir det kalla angina pectoris eller hjartekrampe, men viss åra har vorte heilt tett, blir det kalla eit hjarteinfarkt.
Anginaanfall
Eit anginaanfall kjem ofte i samband med fysisk aktivitet og vil forsvinne når ein kviler. Personar som har kjent angina, har som regel nitroglyserintablettar eller spray som dei skal ta. Er det snakk om eit hjarteinfarkt, vil ikkje smertene gå over ved inntak av nitroglyserin eller ved kvile.
Teikn på hjarteinfarkt
- Trykk og klemmande smerter midt i brystet. Smertene kan gå mot armar, hals og òg ned mot mage.
- Smerter som varer over 15 minutt.
- Personen kan bli kortpusta, svimmel og eller medvitslaus.
- Sveitte og kvalme.
Alle teikna treng ikkje å vere til stades. Vær òg merksam på at nokre personar har svakare teikn, og likevel har dei eit hjarteinfarkt. Kvinner kan ha andre teikn enn menn når det gjeld hjarteinfarkt.
Førstehjelpstiltak ved brystsmerter
Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.
- Det hastar å få personen til medisinsk hjelp. Kvart minutt tel.
- Forsøk å halde personen i fysisk ro, unngå at vedkomande går. Be vedkomande leggje seg ned eller setje seg.
- Bli hos personen og forsøk å roe personen til hjelpa kjem.
- Skulle personen miste medvitet, følg instruksane for den første undersøkinga (lenkje under).
- Skulle det vere behov for hjarte- og lungeredning, følg instruksane for dette (lenkje under).
Relatert innhald
Kjelder
Brystsmerter. (2017). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 13. desember 2019 frå https://nhi.no/symptomer/hjerte-og-kar/brystsmerter/
Akutt koronarsyndrom. (2018 ). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken (6. utgåve). Henta 13. desember 2019 frå https://www.lvh.no/symptomer_og_sykdommer/hjerte_og_kar/koronarsykdom/akutt_koronarsyndrom