Hopp til innhald

Fagstoff

Førstehjelp ved sterk nedkjøling

Når nokon er nedkjølte, må vi starte førstehjelp med éin gong. Ring nødnummeret. Ta av våte klede og kle på tørre, slik at personen ikkje blir endå meir nedkjølt. Arbeid raskt og frakt den forulykka personen til sjukehus så raskt som råd.
Redningshelikopter ved eit islags vatn. Ei gruppe redningsmannskapar arbeider rundt ein person på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved låge temperaturar frys våte klede til eit ispanser på kort tid. Ta våte klede av den forulykka personen, og legg han eller ho i ein sovepose, eller pakk han eller ho inn i tørre klede eller teppe. Bruk ei varmeflaske eller din eigen kropp for å tilføre varme. Konsentrer deg om armholer, lyske, hovud og hals.

Arbeid raskt! Tida er knapp dersom temperaturen er låg. Det står om minutt.

Dersom det ikkje er råd å kome til sjukehuset eller til eit oppvarma hus, må du sørgje for ly og varme. Lag bål på ein vindstille stad, skjerm med presenning eller bar som reflekterer varmen og gir ly, eller bruk eit telt.

På kalde vinterdagar og langt frå folk er kraftig nedkjøling kritisk og livstrugande. Tilstanden blir kalla hypotermi. Når kroppstemperaturen søkk under cirka 35 gradar, blir medvitet vår redusert. Med ein kroppstemperatur på 28 gradar er sjansen for å overleve svært redusert.

Fakta om hypotermi

  • Normal kroppstemperatur er 37 gradar.
  • Ved ein temperatur på 0 gradar i vatnet søkk kroppstemperaturen til ein vaksen person med turklede til cirka 30 gradar etter berre 5–6 minutt i vatnet.
  • Når kroppstemperaturen søkk under cirka 35 gradar, får personen redusert medvit.
  • Personen blir då søvnig, forvirra og gjerne likegyldig. Vedkomande får høgare puls, raskare pust og kraftige skjelvingar.
  • Armholer og lyske er òg kalde område ved denne tilstanden.
  • Ved cirka 33–30 gradar sluttar personen å skjelve, og puls og pust blir langsamare. Personen kan vere medvitslaus.
  • Dersom kroppstemperaturen søkk under 30 gradar, har personen store pupillar, er i koma og kan ha puls og pust berre nokre gonger i minuttet.
  • Djup hypotermi er livstrugande. Personen skal liggje i sideleie, og ein skal ikkje massere personen eller utsetje han eller ho for store rørsler for å få i vedkomande varmen.
  • Sjølv om personen har puls og pust, kan du få råd frå AMK-sentralen om å starte hjarte-lunge-redning.
  • Ein person er aldri omkomen før vedkomande er komen på sjukehus, har vorte oppvarma og deretter blir erklært død.

Hugselappen

Ved nedkjøling:

  • Ring 113.
  • Få av personen alle våte klede.
  • Få på tørre klede, sovepose, teppe eller anna som isolerer.
  • Varm personen med bål, varmeflaske eller ein varm menneskekropp.
  • Tida er knapp dersom temperaturen er låg.
  • Ein får forstyrra medvitstilstand når kroppstemperaturen kjem under cirka 35 gradar.
  • Jobb raskt og ver roleg!
  • Alle tek ansvar og fordeler oppgåver dersom de er fleire til stades.
Mann som har gått gjennom isen. Foto.
CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Tone Olavsdotter Mosebø og Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar