Rutinar ved dødsfall
Dessverre er det slik at vi kan oppleve dødsfall på jobb. Det kan vere tragiske ulykker, akutt sjukdom eller ei straffbar handling. Nokre gonger er vi til stades og utfører livreddande førstehjelp, andre gonger finn vi ein person død, til dømes på eit hotellrom.
Ved dødsfall er det viktig å ha gode, innarbeidde rutinar for korleis vi skal opptre:
- Varsle politi, ambulanse og leiinga på staden.
Steng av staden der dødsfallet skjedde. Det er viktig å skjerme åstaden frå eventuelle nysgjerrige tilskodarar.
Dødsårsaka kan vere ukjend, så sørg for at ingen får tilgang til funnstaden før politiet har gitt løyve. Ta på minst mogleg før politiet kjem.
Vis alle spørsmål vidare til politiet, eventuelt til leiar eller tryggingsansvarleg.
Ver førebudd på å forklare deg til ambulanse og/eller politi.
- Avdøde har ofte pårørande i nærleiken. Vis respekt for den avdøde og omtanke for dei pårørande.
- Det er styresmaktene som varslar dei pårørande.
Hugs at vi har teieplikt om den avdøde.
Situasjonar med dødsfall kan utløyse sterke reaksjonar hos pårørande og andre som er vitne til hendinga. Her kan du som servicemedarbeidar bidra ved å vere til stades, lytte og vise medkjensle. Les meir om korleis du kan utføre emosjonell førstehjelp under relatert innhald.
Å finne ein død person kan vere ei stor påkjenning, og det kan derfor vere viktig å få bearbeidd hendinga. Mange bedrifter har gode rutinar for oppfølging av tilsette i ettertid. Viss ikkje bør du be om å få snakke med nokon.
Relatert innhald
Ein akutt skade eller sjukdom kan utløyse sterke emosjonelle reaksjonar av både psykisk og fysisk art for dei som er involverte.