Hopp til innhald

Fagstoff

Konfliktar i profesjonelle relasjonar

Konfliktar i profesjonelle relasjonar kan vere konfliktar med ein leiar, kollegaer, kundar eller brukarar. Konfliktane blir gjerne løyste ut av ulike haldningar, verdiar, ønske, interesser eller behov.
To vaksne peiker i kvar si retning. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tenkjer ofte på konfliktar som berre negativt, men ueinigheit og konfliktar er òg ei kjelde til vekst, utvikling og framgang. Som fagarbeidar treng du ein profesjonell måte å handtere konfliktar på.

Døme

  • To tilsette i bedrifta ønskjer ferie den same veka, men berre éin av dei kan få ferie.
  • Leiinga ønskjer å innføre totalforbod mot snusing i arbeidstida. To av dei tilsette er avhengige av snus.

Når vi skal løyse konfliktar, er det nødvendig å finne ut kva vi er ueinige om, og det er viktig å vise respekt for kvarandre. Å kommunisere tydeleg kan vere konfliktdempande.

Kva strategi vi vel for å løyse ein konflikt, blir påverka av fleire forhold. Til dømes vil tidlegare erfaringar med konfliktar, personlegdommen vår og kor viktig resultatet av konflikten er, påverke strategien vår. I tillegg vil posisjonen vår spele inn, altså om vi er leiar, tilsett, kunde eller brukar. Konfliktar bør løysast på ein måte som alle kan akseptere.

Strategiar

Vi bruker alle ulike strategiar når vi kjem opp i konfliktar. Johnson og Johnson (1994) og Hjeraker (1984) har delt strategiane vi bruker, inn i fem hovudstrategiar:

  1. Trekkje seg tilbake

Vi trekkjer oss unna konflikten og lèt andre ordne opp. Det er ikkje så nøye for oss kva utfall konflikten får.

  1. Glatte over

Vi kan gi etter for andre sine ønske og bli litt likegyldige i samhandling med dei andre.

  1. Inngå kompromiss

Vi gir og får, og møtest på halvvegen. Vi prøver å finne ei akseptabel løysing for alle partar.

  1. Bruke tvang

Dersom vi er veldig opptekne av resultatet, til dømes å få fri i jula, legg vi vekt på å tvinge viljen vår gjennom. Dette kan øydeleggje vennskap og samarbeidsklima.

  1. Konfrontere

Vi går rett inn i konflikten for å finne ei god løysing, og slik tek vi vare på både det gode resultatet og den gode relasjonen. Vi får alle interesser på bordet, involverer alle partar og brukar kreativiteten for å finne løysingar som alle kan vere fornøgde med.

Eg-bodskap

Dersom du sjølv er i ein konflikt, er det lurt å bruke eg-bodskap. I staden for å seie «Vi burde lage betre planar» kan du seie «Eg ønskjer at vi skal sjå på aktivitetsplanane våre». Dette gjer kommunikasjonen tydelegare.

Nokre tips

Søk hjelp hos leiaren din dersom du ikkje klarer å løyse konflikten sjølv. Set av god tid til å finne ut kva problemet er, og til å utarbeide eit løysingsforslag. Tenk trinnvis dersom problemet er stort. Finn ut kva de er einige om. Prøv å unngå situasjonar der éin part taper og éin part vinn.

Kjelder til denne sida: Eide og Eide: Kommunikasjon i relasjonar, 1996. Forebygging.no

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2020

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar