Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Konflikthandtering i praksisbedrifta

Konfliktar kan oppstå overalt, også i praksisbedrifta di. Det kan oppstå konfliktar mellom tilsette, tilsette og leiaren, eller konfliktar med kundar og leverandørar. Derfor er det viktig å lære om konflikthandtering – både for å førebyggje og for å løyse konfliktar.

Oppgåve 1: Handtering av klager og konfliktar

  1. Korleis kan det oppstå konfliktar i praksisbedrifta di?
  2. Kva typar konfliktar kan oppstå i praksisbedrifta di?
  3. Kva konfliktar har du sjølv opplevd eller observert?
  4. Korleis vart disse konfliktane løyste?
  5. Kva tiltak har praksisbedrifta di sett i verk for å førebyggje konfliktar?
  6. Kva tiltak kan bedrifta setje i verk dersom det skulle oppstå konfliktar?
Tips
  • Om du ikkje har opplevd konfliktar sjølv, kan du stille spørsmåla ovanfor til leiaren din.
  • Det finst kanskje ei personalhandbok du kan sjå i for å finne ut meir om tiltak og førebygging av konfliktar i praksisbedrifta di.
Konflikttrappa viser korleis ei konflikt kan utvikle seg trinnvis frå sakleg usemje på første trinn til fastlåst konflikt på fjerde trinn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2: Rolla di

  • Lag ei hugseliste til deg sjølv om korleis du kan bidra til å førebyggje konfliktar hos praksisbedrifta di, og forslag til løysingar på konfliktsituasjonar som du fann i oppgåve 1.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar