Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Brannøving – planleggje, gjennomføre og evaluere

For å vere best mogleg førebudd ved ein eventuell brann er det viktig med brannøvingar. Sjå filmen for å lære korleis vi skal planleggje, gjennomføre og evaluere brannøvingar.

Oppgåve 1

Sjå filmen og svar på spørsmåla:

  • Kvifor er det viktig å ha brannøvingar på arbeidsplassar?

  • Kva seier innsatsleiaren er den beste måten å gjennomføre brannøvingar på?

  • Kva er ein branninstruks? Kva bør han innehalde, og korleis skal han brukast?

  • Kva skal evaluerast etter ei brannøving?


Oppgåve 2

I filmen seier innsatsleiaren at ein god måte å ha brannøving på er å utarbeide casar. Det vil seie at vi ser for oss ein tenkt situasjon og prøver å finne gode måtar å handtere situasjonen på.

Lag ein case basert på det innsatsleiaren fortel om planlegging, gjennomføring og evaluering. Casen skal beskrive ein situasjon der brannalarmen går på praksisplassen din (eventuelt på skulen). Inkluder følgjande faktorar:

  • Ei logisk rollefordeling – kven bør ha kva oppgåver?

  • Ei oversikt over kva for sløkkje- og varslingsutstyr som er tilgjengeleg.

  • Kva bør branninstruksen innehalde?

  • Korleis skal brannøvinga gjennomførast?

  • Ei kort evaluering.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar