Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konfliktløysing ved å nytte femtrinnsmodellen

Femtrinnsmodellen er ein konfliktløysingsmodell som kan vere nyttig dersom du skal takle ein situasjon der det er risiko for konflikt. I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i to situasjonsskildringar, nytte denne femtrinnsmodellen.
To menn i skjorte og slips står delvis skjult bak kvar sin skiljevegg på ein arbeidsplass og dreg i kvar sin ende av eit tau. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Konfliktløysingsprosessen blir gjerne delt inn i fem fasar og er derfor kalla "femtrinnsmodellen". Gjer greie for denne modellen, som du kan lese meir om i den relaterte artikkelen "Konfliktløysingsmetoden – ein femtrinnsmodell".

Oppgåve 2

Nytt femtrinnsmodellen til å beskrive korleis dei to situasjonsskildringane nedanfor kan handterast.

Gå gjerne saman i par og lag rollespel som de viser fram i klassa.

Skildring av to situasjonar med konfliktrisiko

Av omsyn til smittevern under koronapandemien ber ein servicemedarbeidar ein nærgåande person utan munnbind om å ta eit steg tilbake. Vedkomande gir tydeleg uttrykk for å vere ueinig i koronatiltaka, hissar seg veldig opp og kallar servicemedarbeidaren maktsjuk.

Ein vektar finn ein ruspåverka person sovande utanfor inngangen til ein butikk i gågata. Personen har rota veldig rundt seg. Når vektaren vekkjer personen, blir han frykteleg tverr og verkar truande.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2021

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar