Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Verd å vite om sløkkjemetodar og brannvern

Om ulykka er ute, er det nyttig å kjenne til ulike sløkkjemetodar. I denne filmen lærer du om vanlege årsaker til brann, om brannførebygging og om sløkkjemetodar.

Oppgåver

Sjå gjennom filmen og prøv å leggje merke til kva som blir sagt om brannførebygging, risikovurdering og sløkkjemetodar. Kor mykje klarer du å hugse? Sjå eventuelt filmen fleire gonger.

Brannførebygging

  1. Gi ei enkel forklaring på kva branntrekanten er.

  2. Kva faktorar må vere til stades for at det skal oppstå brann?

  3. Nemn nokre døme på korleis vi kan fjerne ei av sidene i branntrekanten.

Risikovurdering

  1. Korleis kan vi gjere ei enkel risikovurdering på ein arbeidsplass?

  2. På kva måte kan ei risikovurdering bidra til brannførebygging?

  3. Kva typar varslings- og sløkkjeutstyr bør vere tilgjengelege på ein arbeidsplass?

  4. Kva for hovudårsaker til brann blir nemnd for høvesvis heimen og arbeidsplassen? Er det ulike årsaker?

Sløkkjemetodar

  1. Nemn tre ulike sløkkjemetodar for ein liten brann i ein kaffitraktar.

  2. Kva skjer om vi prøver å sløkkje brann i feitt med vatn?

  3. Kva metodar bør vi helst nytte for å sløkkje brann i feitt?

  4. Kva bør vi hugse på for å førebyggje brann når vi nyttar elektriske apparat?

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Konflikt- og naudsituasjonar