Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk samferdselspolitikk

I dette avsnittet tek vi føre oss dei overordna måla for norsk samferdselspolitikk. Det dreier seg om framkjømd, trafikktryggleik og miljø.
Fugleperspektiv: Buss møter biler i hårnålssving. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overordna mål

Norsk samferdselspolitikk dreier seg i dag i all hovudsak om å oppfylle sektorens overordna mål:

  • sikre framkjømd
  • redusere trafikkulukker
  • redusere miljøulemper

Pressproblem i byane

Politikarane begynner no å bli klare over at det ikkje er mogleg å dekkje etterspørselen etter transport ved å leggje til rette for uavgrensa bruk av bil i dei største byane. I område med låg folketettleik er problema små – og i område med høg folketettleik er problema tilsvarande store.

Utfordringar i Oslo

Problema er størst i hovudstaden. Det er venta at Oslo vil vekse med rundt 250 000 menneske dei neste 20 åra. Dette svarer omtrent til befolkningsmengda i heile Nordland fylke.

Framkjømda kan ikkje sikrast gjennom å byggje ut vegnettet. Reknestykket er enkelt. Eit køyrefelt har ein kapasitet på om lag 1200 bilar per time. (1 time = 60 minutt à 60 sekund = 3600 sekund). 3 sekundars avstand mellom kvar bil gir maksimalt 1200 bilar per time. Viss det blir sleppt fleire enn 1200 bilar inn i eit køyrefelt per time, går heile trafikken i stå.

Sjå føre deg at dei nye innflyttarane til Oslo bruker bil til og frå jobb. Kor mange nye køyrefelt må vi då byggje ut i Oslo dei neste 20 åra for å avvikle den venta auken i trafikken?

Anslag over trafikkutviklinga

Vi går ut ifrå at 250 000 nye personar buset seg i Oslo dei neste 20 åra, og at 40 prosent av dei er yrkesaktive. Dei yrkesaktive reiser til og frå jobb i kvar sin bil i rushperiodane om morgonen og ettermiddagen. Allereie i dag er kapasiteten på det eksisterande vegnettet fullt utnytta i rushperiodane.

  • Talet på innflyttarar: 250 000
  • Talet på personar som skal reise samtidig på jobb og bruker bil (40 %): 100 000
  • Kapasitet per køyrefelt per time i rushtrafikk: 1200 bilar per time

Talet på nye køyrefelt som må bli bygde for å avvikle den auka trafikken i rushperiodane med vegtransport:

100 000 : 1200 = 83

Å byggje ut 83 nye køyrefelt i Oslo dei neste 20 åra er ikkje mogleg. Politikarane ser derfor etter alternative løysingar.

Kva for løysing ville du ha valt om du måtte løyse dette problemet?

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Transportnettverket