Europeisk samferdselspolitikk
Den indre marknaden til EU blei etablert i 1994. Det
består av medlemslanda, og i tillegg Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits.
Eitt av måla med unionen var å leggje til rette for fri bevegelse av varer mellom medlemslanda.
Utbygging av motorvegar
For at fri bevegelse skulle bli mogleg, starta EU med å byggje ut motorvegar både internt i medlemslanda og mellom medlemslanda. Dette gjekk føre seg i stor skala gjennom TEN-prosjekta (Trans-European Network) det første tiåret etter at unionen blei etablert.
Eit resultat av den europeiske samferdselspolitikken i denne perioden var at den skandinaviske halvøya (Sverige og Noreg med til saman om lag 14 millionar menneske) blei knytt til det europeiske kontinentet gjennom Øresundbrua i 2001. Eit anna resultat var «Eurostar»-tunnelen, som stod ferdig i 1998 og knytte Storbritannia (med om lag 60 millionar menneske) til resten av Europa.
Samferdselspolitikken til EU
Etterspørselen etter transport har utvikla seg i Europa på same måten som i Noreg. Vi er berre fem millionar menneske fordelte på eit stort areal. Mange stader i Europa bur det like mange menneske som i heile Noreg på eit mykje mindre areal. Dette fører til at Europa opplever dårleg framkjømd, mange trafikkulukker og store miljøproblem i mange tettbefolka regionar. Samferdselspolitikken til EU blir derfor lik vår eigen. Det dreier seg om å sikre framkjømd, redusere risikoen for trafikkulykker og redusere miljøulempene som motorisert ferdsel fører med seg.