Nasjonal transportplan (NTP) - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nasjonal transportplan (NTP)

Denne planen viser måla og planane til regjeringa for infrastrukturen (veg-, jernbane-, luft- og sjøtransport).

Ein nasjonal transportplan er ein plan for korleis ein dei neste tolv åra skal arbeide i retning av det overordna målet for transportsektoren. Eit døme på dette finn du i "Nasjonal transportplan 2022–2033" på nettsidene til regjeringa. Det overordna målet for transportsektoren er: eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem i 2050. Transportplanen gir rammene for utviklinga av transportsystemet og transporttilbodet i slike tolvårsperiodar, med spesiell vekt på prioriteringar i dei første seks åra.

Eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i 2050

  • Meir for pengane

  • Effektiv bruk av ny teknologi

  • Bidra til oppfyllelse av Noregs klima- og miljømål

  • Nullvisjon for drap og hardt skadde

  • Enklere reisekvardag og auka konkurranseevne for næringslivet

I podcasten Nasjonal transportplan og infrastrukturen framover kan du høyre meir om kva statsekretæren Samferdselsdepartementet tenkjer om infrastukturen vår framover, og om korleis arbeidet rundt ny Nasjonal transportplan (NTP) går føre seg.

Skrive av Mette Broen. Rettshavar: Regjeringen.no
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022