Transportnettverk
For at transport skal fungere på best mogleg måte er det viktig at dei ulike transportnettverka blir kopla saman i koplingspunkt, eller terminalar. Vi kan jo ofte ikkje bruke den same transporten heile vegen, men må byte transportmiddel for å få gods eller personar heilt fram.
Transportnettverka våre er
vegnett
jernbanenett
flyplassnett
hamnenett
røyrnett for transport av olje og gass
Informasjonsformidling mellom nettverka skjer gjennom
jordbundne linje- eller kabelnett
trådlause nett bygde opp rundt ulike basestasjonar
Relatert innhald
Alle transportnettverka er bygde opp rundt den same grunnstrukturen. I dette avsnittet går vi gjennom denne grunnstrukturen.
Filmen viser logistikken ved eit omlastingslager, med henting, sortering og ompakking av gods for vidare transport med lastebil ut til mottakarane.