Om etterspørselen etter vegtransport - Bransjelære (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Om etterspørselen etter vegtransport

Etterspørselen etter vegtransport aukar i takt med velferdsnivået. Etter andre verdskrigen hadde få råd til bil. I dag har dei fleste råd til bil – og somme familiar har dessutan fleire bilar. Her lærer du litt om korleis utviklinga i talet på bilar har vore.

Etter kvart som fleire har fått tilgang til bil, og dei fleste nye arbeidsplassane er etablerte i byar og tettstader, har ein aukande del av befolkninga busett seg i tettbygde strøk.

Etter at den andre verdskrigen var slutt i 1945, tok det litt tid før bilproduksjonen kom i gang for fullt rundt 1950. Fram til 1960 var det rasjonering på bilar i Noreg, og berre dei som kunne dokumentere at dei hadde behov for bil i arbeidet, fekk kjøpe. Etter 1960 har bilparken berre vakse. Utbygginga av vegnettet skaut òg fart frå 1960.

Bilen gjer det mogleg for oss å flytte oss over lange avstandar på kort tid. Konsentrasjonen av bustader og arbeidsplassar i byar og tettstader fører til press på vegnettet mange stader i landet. I dei tettast befolka områda er derfor kollektivtransport heilt nødvendig for å kunne avvikle den samla etterspørselen etter transport.

Lenkjer til statistikk fra Statistisk Sentralbyrå:

Utvikling i kollektivtrafikken.

Utvikling i godstransport med lastebil.

Registrerte kjøretøy i Norge.

Skrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019