Jernbanenettet og korleis det heile starta
I 1823 laga Robert Stephenson verdas første lokomotiv. Han var då 23 år. 23 år seinare reiste han til Noreg for å bidra under utbygginga av vår første jernbane – hovudbanen frå Christiania til Eidsvoll. Arbeidet med banen starta i 1851 og han stod ferdig i 1854.
På denne tida var jernbanen einerådande som landbasert transportmiddel over lange avstandar. Verken bilen eller flyet var funne opp. Jernbanar blei derfor bygde ut i stor skala over heile Europa.
Hovudstrekninga
Vi kan beskrive utbygginga av hovudstrekningar i Noreg slik:
Strekning | Start | Slutt |
---|---|---|
Bergensbanen frå Oslo til Bergen | 1883 | 1909 |
Dovrebanen frå Oslo til Trondheim | 1851 | 1921 |
Sørlandsbanen frå Oslo til Stavanger | 1872 | 1944 |
Nordlandsbanen frå Trondheim til Bodø | 1881 | 1962 |
Sidespor
Undervegs blei det bygd sidespor til byar og tettstader langs hovudstrekningane. Mange av desse er lagde ned i dag. Andre har framleis livets rett.
Ofotbanen
Ofotbanen er ein malmbane mellom Narvik og Luleå. Narvik blei skapt på grunn av banen rundt år 1900. Ei kort tid blei byen døypt om til Viktoriahavn for å skape goodwill hos det engelske kongehuset. Byen trong pengar for å finansiere banen, og søknad om pengar blei send til dronning Victoria. Målt i transportert mengd gods (tonnasje), fraktar Ofotbanen i dag meir gods enn resten av det norske jernbanenettet til saman. I tillegg er banen under oppgradering for å kunne frakte endå meir malm.
Vi har òg fått nye jernbanar i moderne tid. Flytoget blei opna i 1998. For tida byggjer Jernbaneverket dobbeltspor rundt Oslo for å oppgradere kollektivtilbudet slik at det samsvarar betre med etterspørselen.