Hopp til innhald

Fagstoff

Innanlands sjøtransport – slik starta det

I dette avsnittet lærer du litt om korleis ordinære sjøtransportruter starta i Noreg, og at sjøtransport er ei global transportform som vi framleis er sterkt avhengig av.
Historisk bilde av dampbåten Pelle ved kai.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å betre postgangen langs kysten og til utlandet skaffa Posten i 1827 dampskipa «Constitutionen» og «Prinds Carl». «Constitutionen» blei sett inn i rute mellom Oslo og Kristiansand, «Prinds Carl» mellom Fredriksvern (Stavern), Gøteborg og Kiel.
Begge tok med både gods og passasjerar mot betaling. Rutene blei med det dei første offentlege sjøtransportrutene i Noreg.

Kart viser havne- og jernbaneterminaler i Norge. foto.

Innenlands sjøtransport

Etter oppfinninga av dieselmotoren i 1892 begynte mange å eksperimentere med montering av slike motorar i båtar. Dette blei starten på overgangen frå seglskip til den moderne skipsfarten vi har i dag. Båtar blei utforma i alle moglege fasongar og tilpassa ulike formål.

Båttypar

Døme på nokre båttypar for innanlands sjøtransport er:

  • Ro-ro-skip: roll-on-roll-off-skip, det vil seie bilferjer der køyretøya kan rulle av og på båten med lasta
  • Katamaranar: hurtiggåande båtar som transporterer passasjerar til og frå regionsentera langs kysten
  • Konteinarskip: båtar som transporterer konteinarar med stykkgods langs norskekysten. Konteinarskip: transporterer ISO-konteinarar med stykkgods (Desse er av stål og toler stabling i mange høgder, i motsetning til landtransportkonteinarar – Eurokonteinarar – som ikkje er berekna på stabling.)
  • Tankskip: båtar som transporterer drivstoff for etterfylling av tankanlegg langs norskekysten

Internasjonal sjøtransport

I internasjonal sjøtransport bruker ein større skip, som til dømes:

  • Panamax-skip: båtar tilpassa dimensjonane på Panamakanalen
  • Suezmax-skip: båtar tilpassa dimensjonane på Suezkanalen
  • OBO-skip: Ore/Bulk/Oil-skip som kan ta ulik last, til dømes malm den eine vegen og korn i retur
  • LNG-skip: (Liquid Natural Gas) båtar som kan transportere naturgass som er nedkjølt til væskeform

Lenkje til Nasjonal transportplan - NTP - hos regjeringen.no.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Transportnettverket