Hopp til innhald
Fagartikkel

Ulemper ved vegtransport

Motorisert transport fører til uønskte trafikkulykker. Her lærer du litt om kva styresmaktene gjer for å bidra til å redusere talet på trafikkuhell.

Nullvisjonen

Ei stor mengd bilar fører med seg både trafikkulykker og miljøulemper. Styresmaktene arbeider ut frå ein nullvisjon i trafikksikringsarbeidet. Nullvisjonen er definert slik: 0 drepne og 0 hardt skadde i trafikken.

Nullvisjonen handlar om

  • å arbeide for å unngå trafikkulykker med alvorlege konsekvensar
  • å sikre eit akseptabelt risikonivå i vegtrafikken

Risiko

I arbeidet med å redusere risikoen definerer styresmaktene risiko slik:

Ulykkesrisiko = sannsyn for ulykke x konsekvens av ulykke.

Sannsyn for ulykke heng saman med forhold ved:

  • føraren (trøyttleik, om ein følgjer med, konsentrasjon, distraksjon, erfaring m.m.)
  • teknisk stand på køyretøyet (bremsar, dekk m.m.)
  • friksjonen mellom hjula på køyretøyet og vegbana (vêret – liten friksjon ved is på vegen, betre friksjon på tørt sommarføre)
  • vegbana (svingar, helling, sikt)
  • trafikkmiljøet (oversiktleg, uoversiktleg)

Konsekvenser

Konsekvensen av ei ulykke heng saman med den samla bevegelsesenergien som er involvert i ulykka.

Denne avheng igjen av massa og farten til køyretøyet (bevegelsesenergi = ½ x masse x fart2). Dette er det same som du lærte under føraropplæringa – om du doblar farten, firedoblar du bremselengda. Men du firedoblar også bevegelsesenergien, og dermed konsekvensane av ei ulykke.

Tiltak

I arbeidet for å auke tryggleiken på vegane set styresmaktene i verk ei lang rekkje tiltak for å redusere sannsynet for uhell og alvoret ved uhell.