Hopp til innhald

Fagstoff

Starten på lufttransporten

Her lærer du korleis Noreg har bygd opp eit lufttransportnett i tida etter andre verdskrigen og fram til i dag. Flyplassnettet i Noreg består av flyplassar med normal internasjonal rullebanelengd og kortbaneflyplassar der berre mindre fly kan lande.
Sjøfly rett over havoverflaten like etter avgang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lufttransport er den yngste av dei fire transportformane. Det heile starta i 1903 ved at Wright-brørne klarte å halde eit fly i lufta ved motordrift i eit knapt minutt.

Link til filmen "Wright Brothers First Flight (1903)" på YouTube.

Flyrutenettet i Noreg

I 1935 fekk Det Norske Luftfartsselskap AS (DNL) einerett på å byggje ut eit flyrutenett i Noreg, og dei første flyrutene blei trafikkerte med sjøfly. Under andre verdskrigen hadde tyskarane bygd landingsplassar i Noreg for krigsflya sine, og det var desse landingsplassane som blei stamma i det norske flyrutesystemet etter krigen.

Etter krigen blei DNL fusjonert med Det Danske Luftfartsselskab AS (DDL) og Svensk Interkontinental Lufttrafik AB (SILA) til Scandinavian Airlines System (SAS).

Kortbaneflyplassar

På 1950-talet tok utbygginga av flyrutenettet til for alvor. På 1960-talet starta også chartertransportane. Alle distrikt ønskte seg no flyplass, og det oppstod eit sterkt politisk press for å få stamflyplassar overalt i landet. I 1968 vedtok Stortinget å byggje ut kortbaneflyplassar med rullebanelengd på 840 x 30 meter, som eit supplement til stamflyplassane.

Samferdselsministaren på denne tida heitte Håkon Kyllingmark, og mange kalte dei nye kortbaneflyplassane spøkefullt for «Kyllingmarker». Det norske kortbanenettet er unikt – ingen andre land har eit tilsvarande system. Kort rullebanelengd gjer at ruteflya som trafikkerer stamflyplassane, ikkje kan lande på kortbaneflyplassane. Nettet krev derfor spesielle flytypar.

Link til artikkel på Wikipedia om Håkon Kyllingmark.

Avinor

Staten har oppretta selskapet Avinor for å drive flyplassane sine. Selskapet driv i dag (2018) 45 lufthavner. 8 av de er definert som store eller større lufthavner. Disse er, Oslo, Bodø, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Trondheim, Ålesund og Tromsø. I tillegg finst det nokre få privateigde flyplassar som driv kommersiell flytransport, og nokre militære flyplassar.

Passasjerfly og passasjerer på flyplass.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Transportnettverket