Hopp til innhald

Fagstoff

Bilete endrar verda

8. juni 1972 kjem ei jente springande ut av flammehavet, nedover hovudvegen frå landsbyen Trang Bang i Vietnam. Verken den 9 år gamle Phan Thi Kim Phuc eller den 21 år gamle fotografen Huynh Cong “Nick” Ut visste då at dette biletet ville endre verda.
Barn på flukt etter napalmangrep under Vietnamkrigen, 1972. Éi av jentene er naken. Soldatar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletet som endra Vietnamkrigen

Det er enkelte bilete som vi ber med oss heile livet, bilete som ikkje vil sleppe taket, og som etsar seg inn i minnet. Eit av desse bileta er fotografiet av jenta Phan Thi Kim Phuc, som saman med resten av familien flyktar frå landsbyen Trang Bang. Landsbyen er akkurat blitt bomba med napalm av sørvietnamesiske bombefly. Naken, med smelta hud, spring ho nedover hovudvegen medan ho skrik “så varmt, så varmt” og “nokon må gje meg vann”.

Dette eine biletet med den brennande napalmen i bakgrunnen, førte den grufulle redsla frå krigen inn i stovene til folk på ein måte som ord aleine ikkje kan klare. Bileta frå Vietnamkrigen fekk menneske over heile den vestlege verda til å ta avstand frå den amerikanske krigføringa, noko som verka til at amerikanarane etter kvart trekte seg ut av Vietnam.

Vietnamkrigen

Fleire millionar vietnamesarar, hundre tusenar frå Kambodsja og Laos og rundt 58 000 amerikanske soldatar blei drepne under Vietnamkrigen som varte frå 1955 til 1975. På slutten av 60-talet voks motstanden mot krigen, både i USA og i andre vestlege land. Biletet til Nick Ut frå 1972 blei for mange eit symbol på kor fælsleg krigen var. USA trekte seg ut av Vietnam i 1973. Viet Cong erobra Saigon i april 1975. Det markerte slutten på krigen og Nord- og Sør-Vietnam ble foreina året etter.

Phan Thi Kim Phuc og fotograf Nick Ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På rett stad til rett tid

Den 21 år gamle fotografen Nick Ut var på jobb i Vietnam for det amerikanske nyheitsbyrået Assosiated Press (AP). Det tok han brøkdelen av eit sekund å ta dette ikoniske fotografiet. “Eg måtte grine litt sjølv då eg såg henne komme springande”, seier Nick Ut i eit intervju med AP 40 år etter.

Opplevinga kom til å prege fotografen. “Eg tenkte at dersom eg ikkje hjelpte henne, så ville ho døy, og då hadde eg mått ta mitt eige liv etterpå”. Etter å ha teke biletet, kjørte fotografen henne til eit lokalt sjukehus, der ho fekk behandling for brannskadane. Seinare blei ho overført til eit sjukehus som amerikanarane dreiv i Saigon, takka vere den britiske fotografen Christopher Wain. Etter 14 månader og 17 operasjonar var ho igjen på føtene.

Forbod mot nakenbilete

Men det var ikkje gitt at AP ville trykkje biletet, sidan dei hadde strenge reglar for bilete som synte nakne menneske. Biletredaktør for AP i Vietnam, Horst Faas, forstod likevel fort kor sterkt biletet var. Han fekk gjennomslag for synet sitt i hovudredaksjonen i USA. Dermed gjekk biletet verda over. I 1972 blei biletet kåra til det beste pressebiletet i verda av World Press Photo, og året etter fekk fotografen Pulitzerprisen.

Omflakkande tilvere

Etter at biletet blei teke, har Kim Phuc flakka omkring i verda. Først blei ho brukt av regimet i Vietnam som ein del av propagandaen. Seinare drog ho til Cuba for å studere medisin. I 1992 fekk hun politisk asyl i Canada, der ho i dag leiar organisasjonen ”Kim Foundation”.
“Eg ønskte så inderleg å flykte frå denne vesle jenta, men det verkar som om biletet ikkje vil sleppe taket”, seier Kim Phuc i eit intervju.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie