Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser eit historisk bilete

Nokre fotografi blir ikoniske og får betydning for historia. Analyser dette bilete frå Vietnamkrigen og set det inn i ein historisk samanheng.
Barn på flukt etter napalmangrep under Vietnamkrigen, 1972. Éi av jentene er naken. Soldatar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historisk bilete: Dette fotografiet førte Vietnamkrigen inn i stovene til folk i 1972. Biletet fekk menneske over heile den vestlege verda til å ta avstand frå den amerikanske krigføringa.

A) Gjer research

Set deg inn i historia bak fotografiet. Start med å lese denne teksten: Bilete endrar verda.

B) Analyser biletet

Biletanalyse er eit systematisk forsøk på å avdekkje den meininga eller den bodskapen som biletet formidlar. Vi kan dele analyseprosessen inn i dei tre trinna

  1. skildring
  2. analyse
  3. tolking

Skildring

Start med å presentere biletet. Presentasjonen skal innehalde bilettittel, namn på fotograf og opplysningar om kvar og når biletet vart teke og publisert. Motivet i biletet er det som blir vist innanfor biletramma. I første fase skal du gå inn på denotasjonen til biletet. Det betyr at du kort skal beskrive dei ulike elementa motivet består av, som former og fargar.

Analyse

Vi bruker omgrepet konnotasjon når eit teikn, eller kombinasjonar av teikn, framkallar bestemde assosiasjonar eller førestillingar hos dei fleste som høyrer til ei bestemd sosial gruppe eller ein bestemd kultur. Eit bilete er i utgangspunktet ein open medietekst som kan tolkast på ulike måtar. Måten vi tolkar eit bilete på, er prega av den kulturen vi er ein del av, og dei personlege erfaringane vi har med oss.

Motivet består av enkeltelement som er sett saman (komponert) på ein bestemd måte. Visuelle verkemiddel som kontrastar og symbol er òg med på å styre måten vi oppfattar biletet på. Neste steg i biletanalysen er derfor å beskrive korleis biletet er komponert, kva for visuelle verkemiddel som er brukte, og korleis dette styrer opplevinga vår av det vi ser.

Spørsmål du kan stille i analysefasen
  • Biletutsnitt: Kva er teke med, og kva er utelate? Kva er årsaka til at dette er teke med eller utelate?
  • Biletvinkel: Frå kva vinkel ser vi det som skjer? Kva verknad har det?
  • Forgrunn, mellomgrunn, bakgrunn: Kvar er dei ulike elementa plasserte? Kva er verknaden?
  • Balanse og linjer i biletet: Kva element blir blikket vårt trekt mot? Kva er verknaden?

Tolking

Alle bilete er ein representasjon, ei tolking av verkelegheita. Når vi analyserer biletet, "avkodar" vi bodskapen i biletet. Biletet har som oftast eit formål. Avsendaren kan ønskje å informere oss om noko, påverke oss i ei bestemd retning eller gi oss ei bestemd oppleving. Når vi tolkar biletet, prøver vi å formulere bodskapen ut frå det formålet vi meiner biletet har. Eit bilete seier mykje om den tida og det samfunnet det vart til i. Set biletet inn i ein historisk samanheng.

Spørsmål du kan stille i tolkingsfasen
  • Kven er avsendaren, og i kva samanheng vart biletet teke og publisert?
  • Kva formål har avsendaren med biletet?
  • Kva er bodskapen?
  • Kva fortel biletet om den tida og det samfunnet det vart til i?
  • Kva konsekvensar fekk biletet?
  • Kvifor vart dette biletet historisk, trur du?
  • Kva verknad eller effekt har dette biletet i dag?

C) Gå saman to og to

Presenter analysen for kvarandre. Etter avtale med lærar, kan de eventuelt filme presentasjonen til kvarandre med mobil og levere for vurdering.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie