Oppgave
Journalistikk på Snapchat
Er journalistikk på Snapchat ei sunn utvikling?
Mange norske medium har teke i bruk Snapchat som kanal for å treffe yngre målgrupper med journalistisk innhald. VG har satsa på Snapchat Discover, der dei produserer ei dagleg utgåve med nyheiter.
1. Lytt til denne podkasten frå NRK Kurer: Er journalistikk på Snapchat en sunn utvikling?
Diskuter desse spørsmåla i grupper:
- Kva er Snapchat-journalistikk? Er det innovativ nyheitsformidling eller underhaldning forkledd som nyheiter? Grunngi svaret.
- Høver Snapchat til god journalistikk?
- Kven er målgruppa til VG sin Snapchat-redaksjon?
- Kvifor trur de VG har lykkast med å produsere nyheiter på Snapchat?
- Trur de journalistikk på Snapchat er ei sunn utvikling? Grunngi svaret.
2. VG Discover: Ta bilete av denne koden med Snapchat, og kom rett inn på VG si utgåve:
Diskuter desse spørsmåla i grupper:
- Korleis blir dagens nyheitsbilete presentert på Snapchat?
- Kva for nokre av sakene interesserer dykk?
- Korleis blir sakene tilpassa Snapchat-formatet?
- På sosiale plattformer ser vi at journalistar kan publisere saker som har relativt låg nyheitsverdi, men som skaper engasjement og får mange delingar. Kan de finne nokon eksempel på det her?