Hopp til innhald

Fagstoff

Mediekonvergens

Mediekonvergens er eit viktig trekk ved den digitale medieutviklinga. Mediekonvergens kan forklarast som samansmelting av ulike typar medieelement, media flyt saman. Denne utviklinga har påverka mediebransjen på fleire måtar.
Bilete av mann med PC, nettbrett og telefon i hånden. Manipulert foto.

Vi har ulike typar konvergens


Tenestekonvergens: Med internett som ein felles base har dei ulike media henta mange former frå kvarandre. Kringkastingsselskapa har måtta lære seg å publisere skriftleg informasjon, mens avishus publiserer lyd- og videoinnhald på nettsidene sine.

Nettverkskonvergens: Denne typen konvergens handlar om overgangen frå spesialiserte nettverk, som til dømes radiokringkasting, til nettverk som tilbyr fleire typar tenester. Gjennom internett kan det same nettverket brukast til ulike tenester.

Terminalkonvergens: Den same eininga kan gjere fleire ting. Her kan mobiltelefonen brukast som eit døme, han kan no brukast til meir enn berre samtalar, som streaming av musikk og digitalkamera.

Marknadskonvergens: Ulike medium, som tidlegare var skilde, startar å konkurrere i den same marknaden. Eit døme er at både NRK og VG no tilbyr innhald i form av tekst, bilete, lyd og TV.

Kjelde

Asbjørnsen, D., Bjørnsen, G., Kjendsli, V., Løvskar, T. & Totland, G. (2011) Mediemøte 2. Oslo: Aschehoug.


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie