Hopp til innhald

Fagstoff

Reklame og algoritmar

Reklamen du får servert i sosiale medium og mange stader på internett blir ofte bestemd av ein algoritme. Algoritmen tek utgangspunkt i dataspora du og alle andre lèt bli att i navigasjon på nett, for så å skreddarsy reklamen de skal eksponerast for.

Innsamling av persondata og big data

Persondata blir samla inn når du navigerer på nett. Besøker du ei nettside, vil sida registrere at du er der gjennom nettkapslar (cookies). Er du logga inn på Google, blir besøka dine kopla til registrert kjønn og alder, og mange nettenester bruker dessutan geografisk sporingsteknologi. Eitt døme er kartfunksjonen i Snapchat.

I neste omgang blir persondata seld mellom bedrifter. Når datasett frå ulike selskap blir samla, får vi store datasamlingar, òg kalla big data. Slike store datasamlingar er så store at dei blir lesne og sorterte av dataprogram eller algoritmar, som vi òg kalle den typen programvare.

Algoritme og skreddarsydd reklame

Kvinner som handlar med mobil. Illustrasjon.

Algoritmane er programmerte til å finne mønster i dataspora dine og samanlikne dei med andre brukarar, for så å sortere ut og eksponere deg for skreddarsydd reklame. Typen reklame, kvar han blir vist, når og i kva samanhengar du er i når han blir vist kan programmerast inn i ein algoritme.

Går du til dømes inn i ein sportsbutikk, kan du få ein SMS som fortel at butikken har tilbod på treningsbagar.



Diskuter

Diskuter fordelar og ulemper med personretta reklame.

Meir om algoritmar

Vi kan programmere datamaskiner til å løyse mange oppgåver meir effektivt enn vi klarer sjølve. Når du skal programmere ei datamaskin, må du gi maskina ei oppskrift som gjer at ho utfører det du ønskjer ho skal gjere.

Enkelt forklart kan vi seie at ein algoritme er ein framgangsmåte eller ei oppskrift som beskriv steg for steg kva som skal gjerast for å løyse eit problem eller oppnå eit bestemt resultat.

Forstår du kva ein algoritme er?

For å kome deg til skulen kan du ta buss, sykle eller gå. Kvar av desse tre operasjonane har same resultat, men framgangsmåtane er ulike.

  • Skal du ta buss, må du først gå til busstoppet, så kjøpe billett, finne deg eit sete og til slutt gå av bussen ved skulen.
  • Korleis vil framgangsmåten sjå ut for at du skal kunne kome deg til skulen ved å gå eller sykle?
  • Korleis vil oppskrifta vere om du skal gå?

Du vil sjå at ei steg-for-steg-oppskrift vil vere forskjellig enn ho du bruker for å ta bussen. Vi kan derfor kalle dette tre ulike algoritmar for same formål.

Beskriv ein algoritme

Korleis ville algoritmen sjå ut dersom de fekk bestemme korleis de skulle bli eksponerte for personretta reklame?

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2019

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie