Hopp til innhald
Øving

Hald eit føredrag

Mange meiner at Gutenberg er den personen som har hatt størst innverknad i moderne historie. Andre held ein knapp på Tim Berners-Lee.

Hald eit føredrag om Gutenberg eller Tim Berners-Lee

Lag eit føredrag der du presenterer ein av desse personane og drøfter kva oppfinninga deira fekk å seie for samfunnsutviklinga.

Framfør føredraget ditt for klassen.

Bruk gjerne bilete eller små videoklipp som illustrerer det du fortel om.
Ressursar: Gutenberg digital

Relatert innhald

Fagstoff
Mangfaldiggjering av tekst og bilete

Oppfinningar for framstilling av fleire eksemplar av tekst og bilete, var ein viktig føresetnad for at informasjon blei tilgjengeleg for alle.

Fagstoff
Internasjonal mediehistorie

I tusenar av år har menneske kommunisert ved hjelp av ulike teknologiar. Det har forma kulturen vår.