Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn opp ein diskusjons-app!

Mange av plattformene for diskusjon på nett er designa på ein måte som gjer at hets, einvegs-kommunikasjon og sterke motsetnader er blitt ein del av nettdebatten. Kan du finne på ein app som gir ein betre samfunnsdebatt?
Mobiltelefon med apper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Del 1

Kom opp med ein idé til ein ny app eller ei digital plattform som fremjar samarbeid, lytting og nyansar.

  1. Bruk først fem minutt individuelt til å skrive ned tankar og idear.
  2. Gå så saman i grupper på tre og del ideane.

    Tips! Dei beste løysingane kjem når alle innspel blir møtte opent og nysgjerrig. Sjå etter moglegheiter, ikkje hindringar, i denne fasen. Dette kan de gjere ved å gi tilbakemeldingar til kvarande sine idear som byrjar med: "Ja, og i tillegg..." – ikkje "Nei, men...". Prøv det ut!

Jobb vidare med å utvikle ein felles app-idé.

Del 2

Presenter app-ideen dykkar for klassen: Forklar korleis de trur han vil påverke samfunnsdebatten.

Del 3

Diskuter og vurder forslaga:

  1. Kva for idear trur de vil fungere best?
  2. Kven trur de kjem til å bruke appen til å diskutere?
  3. Vil det vere rom for å ha forskjellige meiningar?
  4. Har de utforma appen slik at det blir vanskelegare å komme med personangrep og hets?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2019

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie