Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Videovurdering av ein app

Lag ei videovurdering av ein app. Bruk mobilen til produksjonen av ho.
Ei hand vel funksjonar frå ein mobiltelefon. Illustrasjon.
  1. Vel ein app du er veldig fornøgd med eller ein app du nesten ikkje har brukt.
  2. Bruk tid på å utforske funksjonar, innhald og opplevinga du har av appen. Vel deg to eller tre eigenskapar som du tenkjer er spesielt bra eller dårleg.
  3. Skriv eit manus, ta skjermopptak av appen. Set saman til ei videovurdering retta mot målgruppa for appen.
  4. Dersom det er mogleg, bruk berre mobiltelefon gjennom heile produksjonen.
  5. Lengda skal vere på cirka eitt minutt.

1) Snakk saman i klassen

Kva appar bruker vi jamleg? Kan vi nemne "nye" appar som vi har lyst til å sjekke ut? Korleis tek vi skjermopptak med mobilen? Kva videoredigeringsprogram for mobil kjenner vi til?

2) Kva skal du vurdere?

Du skal finne ut om appen dekkjer opp dei behova han lover å dekkje. Skriv notat:

  • Ta utgangspunkt i ei målgruppe du kjenner godt.
  • Klargjer for deg sjølv behovet denne målgruppa har, og som appen prøver å dekkje.
  • Vurder om det er ein god eller dårleg app for formålet.
  • Få klart for deg kvifor du synest akkurat det.

3) Formuler eit manus

Ta gjerne utgangspunkt i eit terningkast og argumenter for kvifor du har gitt terningkastet. Formuler eit kort manus.

Sørg for ei god, fengjande innleiing, og pass på at gode og dårlege sider ved appen er tydeleg presenterte. Gi ei balansert tilråding av appen. Kom med ein fengjande konklusjon til slutt.

Tips til arbeid med manus

Dikter inn skissa til manuset ditt inn på mobiltelefonen (du kan bruke mikrofonsymbolet på tastaturet for å få tale til tekst). Då vil manuset bli passeleg munnleg i forma allereie frå byrjinga av. Rediger manuset i etterkant.

Tips til opptak

Gjer og gjenta opptak av navigasjonen din i mobilskjermen etter å ha bestemt deg for kva du vil vise som fungerer og ikkje fungerer. Lag korte opptak. Tenk deg at dei samla sett skal vare berre eitt minutt.

Les inn manus. Ver personleg, og hald deg under eitt minutt.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie