Presenter ei sentral hending i mediehistoria
Lag ein digital presentasjon der du tek for deg ei oppfinning eller ei hending i mediehistoria.
Set deg inn i historia for mediet som er relevant for valet ditt:
- avis
- fotografi
- film
- internett
- Start med å gjere grundig research. Finn og set deg inn i ulike kjelder.
I presentasjonen skal du gå inn på
- viktige kjenneteikn ved mediet
- viktige hendingar og teknologisk utvikling innanfor mediet – korleis har mediet utvikla seg fram til i dag?
- korleis dette mediet har endra samfunnet opp gjennom tidene, og korleis mediet verkar inn på samfunnet vårt i dag
- konkrete eksempel
- Bruk fagartiklar frå ndla.no som utgangspunkt, men òg andre, sikre nettkjelder.
- Presentasjonen skal vare i fem minutt.
- Foredraget skal støttast av illustrerande verkemiddel. Illustrerande verkemiddel er bilete, illustrasjonar, video og lyd.
- Målgruppa er medelevane dine. Tilpass innhaldet til målgruppa, og bygg opp presentasjonen på ein måte som gjer at du når fram med bodskapen din. Skap interesse!
- Lag presentasjonen ved hjelp av eit digitalt presentasjonsverktøy.
De presenterer individuelt i grupper på fire elevar. Kvar gruppe består av elevar med fire ulike tema. Læraren observerer presentasjonane. I gruppa skal kvar enkelt elev gi tilbakemeldingar og vurdere kvarandre etter kvar presentasjon.
Bruk vurderingsskjemaet under som utgangspunkt.
Høg måloppnåing | Middels måloppnåing | Låg måloppnåing | |
---|---|---|---|
Kunnskap og refleksjon | Eleven viser særs god oversikt over temaet. | Eleven viser kjennskap til det sentrale i temaet. | Eleven viser kunnskap om temaet. |
Framstilling | Eleven har ei særs formålstenleg og godt strukturert framstilling som er tilpassa vurderings- Eleven har særs god presentasjons- | Eleven har ei oversiktleg framstilling som er tilpassa vurderings- | Eleven har innleiing, hovuddel og avslutning som er tilpassa vurderings- |
Kjeldebruk | | | |
Relatert innhald
Tre tips til ein god presentasjon: Kven presenterer du til? Lag ein visuell presentasjon med få ord. Sist, men ikkje minst: Øv!
Lag utkast til eit foredrag om medieutviklinga etter 1900.