Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Robotjournalistikk og digitale møterom

Korleis blir vi påverka av ny medieteknologi og nye kommunikasjonsformer? I dette arbeidsoppdraget skal du samarbeide med medelevar i eit digitalt møterom. De skal jobbe med ei oppgåve om robotjournalistikk. Til slutt skal gruppa vurdere kommunikasjonsforma de nytta dykk av.

Relatert innhald

1) Samarbeid over nett

  • Bruk eit digitalt møterom som gir dykk moglegheit for samarbeid, som til dømes Google Meet eller Microsoft Teams.
  • Gå saman i grupper på fire.
  • De skal jobbe saman i det digitale møterommet. Her skal de diskutere og svare på spørsmåla over videochat.
  • Ta notat, og del dokument med kvarandre.

2) Løys oppgåva

NTB, Norsk Telegrambyrå, skreiv pressehistorie då Noregs første robotjournalist vart utvikla i 2016. Roboten produserte fotballreferat. Det første heilautomatiske fotballreferatet vart publisert nokre sekund etter at kampen slutta, og det var heilt urørt av menneske.

NTB har òg utvikla ein robot som kan setje om tekstar frå bokmål til nynorsk. Automatisering av journalistikk og «robotane» sitt inntog i media er eit omdiskutert tema.

  1. Gjer research på emnet robotjournalistikk, og svar på spørsmåla:
    • Finn de nokon saker skrivne av ein robot?
    • Kva kan nyheitsmedia bruke robotar til?
    • På kva måte kan ein robotjournalist frigjere kapasitet for meir og betre journalistikk?
  2. Diskuter desse spørsmåla i gruppa:
    • Korleis trur de kunstig intelligens vil påverke journalistikken i framtida?
    • Kva moglegheiter og utfordringar ligg det i denne teknologien?
    • Automatisering av journalistikk og «robotane» sitt inntog i media har vore eit heitt tema dei siste åra.
    • Kvifor trur de dette er eit omdiskutert tema?
    • Kva vil datastødd journalistikk kunne medføre for menneskejournalistar?

3) Reflekter i gruppa over samarbeidet på nett

Kvinne med laptop omgitt av robotar. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Korleis fungerer denne digitale kommunikasjonsforma?
  2. Korleis er det å samarbeide i eit digitalt møterom om ei oppgåve som dette? Trekk fram positive og negative sider ved denne måten å samarbeide på.
  3. Korleis blir vi påverka av ny medieteknologi og nye kommunikasjonsformer?
  4. Gjer ei vurdering av det digitale møterommet de har nytta.
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie