Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder og produser nyheiter i eit anna format

Les du ei nyheit annleis på ein app enn om du les saka på nett? I denne oppgåva skal du vurdere og samanlikne ei nyheitssak produsert for to ulike format. Deretter skal du planleggje ei nyheit for ein app.
Person som bruker mobil og PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det blir stadig utvikla nye format og kanalar for å oppdatere oss om siste nytt. I denne oppgåva skal du samanlikne korleis den same nyheita blir publisert på ein nettstad og i ein app.

Samanlikn og vurder nyheitsformat

Finn ei aktuell nyheit frå ein nyheitsnettstad og i ein app. Du kan til dømes hente ei nyheit frå nettstaden VG.no og samanlikne med korleis den same nyheita blir presentert på TikTok-kanalen til VG Nett.

  1. Kva fortel tekstane? Kven er målgruppa til VG Peil og nrk.no? Er det lik målgruppe?
  2. Korleis er sakene bygd opp? Sjå på komposisjon, tittel, biletval og fargar. Kva er likt og ulikt? Kvifor ser VG Peil annleis ut enn nrk.no?
  3. Kva format treffer deg best? Kvifor?
  4. Kvar får du nyheiter frå?

Refleksjon: Vurder medieutviklinga

  1. Kva seier teksten om si eiga samtid?
  2. Kva seier dei to ulike formata om si eiga samtid?
  3. Korleis påverkar ulike format forståinga vår av ei nyheit?
  4. Korleis får vi presentert nyheiter i framtida, trur du?

Planlegg ein nyheitsproduksjon (i par)

  1. De jobbar i ei stor mediebedrift og får i oppdrag å lage ei nyheitssak for ein sosiale medium-app. Målgruppa er ungdom.
  2. Finn ei fersk nyheitssak som gjeld ungdom. Leit på nett.
  3. Skriv saka, og finn passande tittel, ingress og bilete. Hugs at det skal passe til app-formatet.
  4. Lag ei grov skisse av nyheitssaka digitalt eller på papir.
  5. Vis fram skissa i klassen, og forklar kvifor nyheita passar målgruppa og kler formatet.
  6. Bygg eventuelt nyheita inn i eit passande verktøy, til dømes App Inventor eller InVisionApp. Lever etter avtale med lærar.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie