Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til utvikling av podkastkonsept

Kva vil du lyttaren skal sitje igjen med? Øv deg, bli van med di eiga stemme, og ver ikkje redd for å ta imot tilbakemeldingar frå andre. Hugs å halde deg til det du har avtalt med lyttaren.

Forklart sine tips til deg som skal utvikle ein podkast

  • Finn ut kva slags podkast du skal lage, og kva konsept han skal ha.
  • Lyd er billeg å produsere og enkelt å eksperimentere med.
  • Stemma di kan høyrast rar ut i starten, men kast deg ut i det og prøv deg fram med stemma di og ein mikrofon.
  • Ver deg sjølv, tenk at å lytte på podkasten din kan vere som å ha ein ven på øyret.
CC BY-SASkrive av Idun Fivelstad og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2020

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie