Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kulturuttrykk og identitet (analyse)

Vel eit kulturuttrykk og analyser og reflekter over korleis uttrykket kan bidra til å konstruere og forme identitet.
Broderi med teksten "faen" mellom to roser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ulike kulturuttrykk skaper og uttrykker identitet. Dei kan bidra til å forme korleis vi ser på oss sjølv og andre, og kan definere kven som er innanfor og utanfor ein fellesskap.

  • Vel eit kulturuttrykk sjølv og analyser kva rolle kulturuttrykket speler i identitetsdanning.

  • Kulturuttrykk kan vere alt som er skapt av menneske og er innskrive med kulturell meining. Døme på kulturuttrykk som kan eigne seg for ein slik analyse, er tv-seriar, internettmem, reklamar, mote, tradisjonshandverk, kunstverk, arkitektur, interiør, filmar og innhald på sosiale medium.

  • Du kan presentere analysen munnleg, skriftleg eller som ein multimodal tekst.

Analysen bør innehalde

  • ei innleiing der du presenterer kulturuttrykket du har valt å analysere, og problemstillinga for oppgåva

  • ein fagleg presentasjon av forholdet mellom kultur og identitet

  • ei skildring og analyse av uttrykket med utgangspunkt i momenta i kulturkrinsløp-modellen

  • ei avslutning som samlar trådane frå analysen, og der du reflekterer over rolla uttrykket kan spele i identitetsdanning

Bruk momenta i kulturkrinsløp-modellen som utgangspunkt for analysen, og bruk elles relevante teoriar, perspektiv og omgrep frå emnet Kulturuttrykk og identitet.

Finn både kjelder av god kvalitet som kan gi deg grundig informasjon om kulturuttrykket og konteksten rundt, og meir subjektive kjelder som seier noko om korleis ulike menneske opplever og bruker kulturuttrykket.

Du kan òg finne mange døme og perspektiv på kulturuttrykk og identitet i desse to episodane av Lisenskontrolløren:

NRK: Lisenskontrolløren, "Identitet"
NRK: Lisenskontrolløren, "Kvinnen"

Tips til analyseobjekt

  • russeplagg- og effektar

  • TV-serien Ex on the beach

  • pride-flagget

  • framsidebiletet på Hadja Tadjiks sjølvbiografi Frihet. En politisk og personlig historie

  • ryggsekken "Kånken" frå Fjällräven

  • middagshermetikken "Vilti" (tidlegare "Joika")

  • operabygget i Bjørvika

  • Freia mjølkesjokolade

  • musikkvideoen "Bængshot" med Linda Vidala

  • musikkvideoen "I fell in love in October" med Girl in red

  • Marius-genseren

  • eit broderi frå eit nettsøk etter "aggressive broderi"

  • K-pop

  • statuen av Hans Egede i Nuuk på Grønland

  • russesongen "Friminutt 2020" av Soppgirobygget

  • Instagram-kontoane "Happykropp", "Utlendingmemes" eller "Samiskmeme"

  • Tesla-bilen

Relatert innhald

Kulturkrinsløp-modellen hjelper deg med å få auge på alle faktorane som i samspel skaper eit kulturuttrykk

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2021

Læringsressursar

Kulturuttrykk og identitet