Bourdieu på lærarrommet
Sjå på modellen i artikkelen om sosiologen Pierre Bourdieu. Modellen viser at deltakarane i det sosiale rommet kan delast inn etter økonomisk og kulturell kapital. Kor relevant er denne modellen for norske forhold i dag?
Lektorar i vidaregåande er ei yrkesgruppe som ifølgje Bourdieu har ein del kulturell kapital. Lag eit spørjeskjema der de ber lærarane på skulen dykkar om å svare på kva dei føretrekker når det gjeld politisk tilhøyrsel (venstre, sentrum eller høgre), drikke og sportsgreiner.
Lag ei liste over dei ulike fritidssyslane og drikkane frå Bourdieus modell, slik at lærarane kan krysse av ved preferansane sine. De kan òg ha ein open kategori der lærarane sjølve legg inn drikkar og sportsgreiner som manglar.
Be læraren dykkar om å ta med undersøkinga til lærarrommet og samle inn skjemaa når dei er ferdig utfylte.
Etterpå kan de sjå etter mønster i svara. Stemmer preferansane til norske lærarar med dei franske lærarane i Bourdieus undersøking?
Diskuter resultata. Kva kan likskapar eller forskjellar mellom undersøkinga dykkar og Bourdieus komme av?
Passar nokon av dei to alternative teoriane som blir presenterte i artikkelen om Bourdieu, betre for å beskrive funna dykkar?
Kva seier denne mini-undersøkinga om identitet, klasse og kultur?