Hopp til innhald

Fagstoff

Drakt som kulturuttrykk

Ahmed Umar viser i filmen om drakt og identitet korleis klesdrakt er eit kulturuttrykk som kan signalisere og skape tilhøyrsel.

I filmen over møter du Camilla Rossing, leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho beskriv rolla bunaden har hatt som kulturuttrykk gjennom tidene, og kva han betyr i dag. Vi ser òg korleis kunstnaren Ahmed Umar kombinerer element frå ulike kulturar i festdrakta si.

Tenk over / diskuter

Kva seier filmen om kva bunaden kan symbolisere og signalisere?

I filmen ser du kunstnaren Ahmed Umar, som har laga si eiga festdrakt. Kva tenkjer du at denne drakta symboliserer og signaliserer?

Klesdrakt og identitet

er ein prosess som startar i den augneblinken vi blir fødde inn i ein fellesskap, og deretter blir vi påverka og forma av krefter både utanfrå og innanfrå. Klesdrakta vår kan vere ein viktig måte å signalisere og skape tilhøyrsel på, samtidig som ho kan vere nyskapande, bryte med tradisjonar og både skape og spegle nye måtar å vere på.

I tradisjonelle samfunn er identitet i større grad bestemd av slektskap og posisjon i samfunnet. I moderne samfunn handlar identitet derimot ofte meir om å finne ut kven ein vil vere, gjennom ein livslang prosess som kan ha mange sidespor. Samtidig har vi faktorar som klasse, kjønn og etnisitet som kan forme handlingsrommet for identitetar.

Det kan kjennast trygt å vite at du er ein del av noko større enn deg sjølv, ein fellesskap. Samtidig har vi ein trong til å vere unike, kreative og frie til å definere oss sjølve. Kulturuttrykk kan bidra til å dekkje begge desse behova, både som tradisjon og nyskaping. Men kor mykje kan vi leike med og tilpasse kulturarv, slik at han framleis er relevant i vår tid og for den enkelte, utan at sambandet blir brote heilt?

Tenk over / diskuter

Kva slags klesdrakt bruker du når du skal pynte deg til høgtidelege høve? Kva signal vil du sende ut med det?

Samiske klesdrakter

Samiske klesdrakter seier òg mykje om tilhøyrsel og identitet. I desse to artiklane kan du lære meir om korleis identitet kjem til uttrykk i samiske klesdrakter: Kva fortel fargane? og Frå kvardagsplagg til kulturelt kjenneteikn.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Kulturuttrykk og identitet