Kva fortel fargane? - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva fortel fargane?

Fargesymbolikk varierer i ulike kulturar. Grønt, raudt, blått og gult kan representere ulikt innhald. Vi skal sjå nærmare på kva fargane i den sørsamiske klesdrakta står for.

Fargesymbolikk i sørsamisk område

Grønt

Grønt er eit symbol for vekst og representerer barn og ungdom. Både jenter og gutar har grønfarge i klesdrakta si, men på jentekofta er det berre eitt band nedst som kan vere raudt eller grønt. Dette symboliserer at jenta ikkje er vaksen enno.

Raudt

Raudfargen symboliserer blod og er fargen til kvinna. Jenter og kvinner har raude luer og bringeklede.

Blått

Blått symboliserer vatn og er fargen til mannen. Gutar og menn har blå luer og bringeklede.

Gult

Sola har alltid vore viktig for menneske og dyr på jorda. Sola gir lys og varme. Gul er sola sin farge og symboliserer derfor himmelkrafta. Sola og krafta hennar er plassert midt på den sørsamiske runebomma (gievrie).

Ei runebomme er ei sjamantromme av tre og reinskinn. Då misjonærane kom til sørsamane på 1700-talet, nekta prestar og misjonærar samane å eige og bruke runnebommer. Dei blei kalla for satans verk og var derfor syndige. Dei som eigde runnebommer, måtte levere dei inn, slik at dei kunne brennast.

Solsymbolet blei også sett på som syndig. Derfor ville ikkje folk bruke den gule fargen. Gult fekk den same skjebnen som runebomma og joiken. Berre nokre få brukte den gule fargen på kuftene og bringekleda sine på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Enno er det mange som unngår gult, utan at alle veit kvifor, men no har fleire byrja å ta i bruk den gule fargen (Dunfjeld, 2007).

Kjelde:

Dunfjeld, M. (2007). Samisk visuell kultur i forhold til personlig og sosialt kjønn. I Årbok nr. 9 Åarjel-saemieh. Samer i sør. Snåsa: Saemien Sijte

Skrive av Utdanningsdirektoratet.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2020