Hopp til innhald

Fagstoff

Tradisjon, kulturuttrykk og kulturarv

Kulturuttrykk kan hjelpe oss til å finne identitet og fellesskap, både ved å byggje bru mellom oss og fortida og gjennom nyskaping og kreativitet.

Identitet og levesett i Sápmi

Tenk over eller diskuter etter du har sett filmen:

  • Kva inntrykk får du av den rolla kulturuttrykk og tradisjonar har når det gjeld identiteten til ungdommane i filmen?

  • Fleire av ungdommane snakkar om at tradisjonar og det å føre kulturen vidare er viktig for dei. Korleis er dei med på å føre kulturen sin vidare?

  • Er tradisjonar viktige for deg, og er du med på å føre kultur vidare på nokon måte?

Kvinner som dansar med fargerike festdrakter. Fugleperspektiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er kulturuttrykk viktige?

At kulturuttrykk er viktige for både individ og samfunn, kjem tydeleg fram i UNESCOs konvensjon om å verne og fremme et mangfold av kulturuttrykk som Noreg og dei fleste andre land i verda har forplikta seg til å følgje.

UNESCOs definisjon av kulturuttrykk:

"uttrykk som er resultat av enkeltpersoners, gruppers eller samfunns kreativitet, og som har et kulturinnhold".

(UNESCO, 2006).

Konvensjonen slår fast at mangfaldet av kulturuttrykk i verda i dag er viktig for menneska samla sett, men nemner spesielt og . Språkleg mangfald blir òg framheva som svært viktig for det kulturelle mangfaldet, sidan språk er nøkkelen for å få tilgang til kulturuttrykk og tradisjonell kunnskap.

Det å ha tilgang til tradisjonelle kulturuttrykk fremjar eiga utvikling for alle menneske. Samtidig seier konvensjonen at kulturell samhandling og kreativitet òg er viktig, slik at kulturen ikkje stivnar i tradisjon, men kan utvikle seg i takt med samfunnet og den kvardagen vi lever i.

Korleis verne om tradisjonar?

Tradisjonar er kulturelle element som blir overførte mellom generasjonar. Med tida vil det kulturelle innhaldet forandre seg fordi kvar generasjon tolkar og attskaper det på sin måte. Store samfunnsendringar kan føre til at kulturelle element ikkje blir overførte mellom generasjonane, til dømes fordi dei ikkje deler same kvardag eller språk.

Fornorskingspolitikken mot den samiske befolkninga i Noreg trua overføringa av tradisjonar som går tusenvis av år tilbake. Mellom anna vart ein heil generasjon fråteken språket sitt, og språket er som nemnt nøkkelen til kulturell kunnskap. Det at kommande generasjonar lærer samiske språk er heilt nødvendig for å verne samisk kulturarv. Samtidig ser vi at dei samiske ungdommane i filmen i stor grad tilpassar tradisjonane slik at kulturuttrykka speglar ein moderne samisk identitet.

Tenk over / diskuter

Kvifor trur du konvensjonen om vern av kulturuttrykk spesielt nemner minoritetar og urfolk?

Kva kulturuttrykk hadde folk mista tilgang til om ingen snakka det norske språket?

Immateriell kulturarv

Noreg har òg skrive under på ein eigen konvensjon for å verne om den typen kulturuttrykk som blir kalla immateriell kulturarv.

Kulturrådets definisjon av immateriell kulturarv:

"Immateriell kulturarv er levende tradisjoner og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Kunnskapen blir praktisert i dag og ført videre gjennom kreative uttrykksmåter, som håndverk, musikk, dans, mattradisjoner, ritualer og muntlige fortellinger."

(Kulturrådet, u. å.)

Kulturrådet har fått det faglege ansvaret for å gjennomføre arbeidet med dette, og ein del av dette arbeidet er å samle inn kunnskap om den immaterielle kulturarven til spesielt urfolk og nasjonale minoritetar. På nettstaden til Kulturrådet kan du sjå døme på kulturuttrykk som er ein del av ein immateriell kulturarv som framleis er i bruk.

Utforsk

Gå inn på Kulturrådets nettstad om immateriell kulturarv og sjå på nokre av kulturuttrykka som ligg der. Finn du noko frå heimstaden din?

Tenk over / diskuter

Kva for nokre andre tiltak meiner du kan bidra til å verne eit mangfald i kulturuttrykk og verne om den immaterielle kulturarven her i Noreg?

Kjelder

Alver, Brynjulf (2020, 10. august). Tradisjon. I Store norske leksikon. https://snl.no/tradisjon

Kulturrådet (u. å.). Immateriell kulturarv. https://www.kulturradet.no/immateriell-kulturarv

UNESCO. (2018). Talking Culture: Intangible cultural heritage: A source of resilience for communities affected by conflict? [Audio podkast]. UNESCO. https://en.unesco.org/themes/protecting-our-heritage-and-fostering-creativity/talking-about-culture

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2021

Læringsressursar

Kulturuttrykk og identitet