Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Drakt og identitet

Sjå filmen om drakt og identitet, og utforsk korleis klesdrakt kan vere ein viktig måte å signalisere og skape tilhøyrsel på.

I denne filmen fortel Camilla Rossing ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt om historia til bunaden og korleis bunad og folkedrakt kan uttrykkje tilhøyrsel og identitet. Vi møter òg kunstnar Ahmed Umar som har komponert si eiga drakt med element både frå den sudanske mahdist-drakta og frå norsk hallingbunad.

Før du ser filmen

  1. Kva tenkjer du at eit plagg som bunaden representerer og signaliserer? Bruk tre minutt på å reflektere over spørsmålet, og noter stikkord.

  2. Lag ei felles ordsky i klassen av stikkorda dykkar for å sjå om det er ord som går igjen. De kan bruke ordsky-verktøyet på ordsky.no.

Mens du ser filmen

Noter stikkord undervegs om det du synest er interessant i filmen.

Etter du har sett filmen

  1. Del stikkorda dine med ein medelev. Har de merka dykk det same, eller er det ulikt?

  2. Formuler tre setningar som de to meiner samanfattar temaet drakt og identitet slik det blir framstilt i filmen.

  3. Del desse setningane med resten av klassen, og samle dei i eit felles dokument.

  4. Diskuter i klassen: Korleis vil de no svare på spørsmålet frå den første oppgåva: "Kva tenkjer du at eit plagg som bunaden representerer og signaliserer?"

Bruk det du har lært

Bruk innsikter frå filmen og omgrep og kunnskap om kultur og identitet til å skrive ein kort tekst der du drøftar dette spørsmålet frå filmen: Er bunaden inkluderande eller ekskluderande?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Kulturuttrykk og identitet