Kjønn, identitet og kulturuttrykk - Kommunikasjon og kultur 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjønn, identitet og kulturuttrykk

Kvifor er det framleis slik at kvinner går med kjolar og menn ikkje kan vise kjensler? Kva rolle speler kulturuttrykk for korleis vi uttrykker oss og identifiserer oss med normer og ideal for kjønn?

Introduksjon

Tenk over / diskuter

I videoen over ser du døme på stereotypiske representasjonar av kvinner i kulturuttrykk. Kva for nokre mannlege stereotypar blir ofte iscenesette i hiphop-sjangeren?

Korleis trur du desse representasjonane av kjønn påverkar korleis vi ser på oss sjølve og andre?

Mann = allmenn, kvinne = nisje

Du har kanskje høyrt bøker bli omtalte som "kvinnelitteratur". Kvifor snakkar vi ikkje om "mannelitteratur"? Svaret er at litteratur skapt av menn har vorte sett på som noko allment, som handlar om det å vere menneske, mens uttrykka til kvinnelege forfattarar berre handlar om å vere kvinne.

Framleis er det mannlege regissørar som dominerer i Hollywood: Berre 10,9 prosent av regissørane av topp 100-filmane i 2019 var kvinner (MPA, 2019). I Noreg, derimot, var 9 av 16 nye filmar i 2019 regisserte av kvinner, etter aktivt likestillingsarbeid i filmsektoren (Pedersen, 2018). Yayoi Kusamas historie i filmen Kusama: Infinity viser korleis ho måtte kjempe for anerkjenning og å bli synleg i ei mannsdominert kunstverd. I dag er ho ein av verdas mest kjende kunstnarar.

Ein skeivskap i kven som står bak kulturuttrykka, påverkar kva perspektiv på verda som har fått sleppe til. I mange uttrykksformer er det framstillingar av verda sett frå ståstaden til menn som har fått dominere.

I dette intervjuet frå 1972 beskriv Jane Fonda situasjonen i filmindustrien på den tida:

Performativt kjønn

Filosofen Judith Butler har hatt stor innverknad med teoriane sine om performativt kjønn. På engelsk er det eit skilje mellom biologisk kjønn, sex, og sosialt kjønn, gender, som ikkje finst på norsk. Butler seier at sosialt kjønn ikkje er ein indre eigenskap vi har. Ho peikar òg på at det er umogleg å skilje ut den delen av identiteten som har med kjønn å gjere, frå sider ved deg som handlar om etnisitet og klasse. Sosialt kjønn er derfor ei verkelegheit som blir skapt gjennom "iscenesetjingar" ("performances") når menneske imiterer eller siterer normer for kjønn gjennom handlingar og ord.

Det vi ser på som uttrykk for identitet, som klede, veremåtar og språkbruk, er faktisk det som skaper identitet (Butler, 1999). Det er ikkje noko med kvinners vesen som tilseier at dei skal gå med kjole og sminke seg, men det at vi bruker kjolar og sminke, er med på å skape og stadfeste førestillingane vi har om kjønn.

Det er ikkje tilfeldig kva uttrykk og handlingar som blir gjentekne. Iscenesetjingane av kjønn må halde seg innanfor ei heteroseksuell ramme. Der er det berre mogleg å spele ut maskulinitet eller femininitet, og desse to blir definerte i opposisjon til kvarandre (Teigen og Steinnes, 2021). Det er mogleg å endre rammene over tid ved at kvar iscenesetjing siterer eller gjentek normene på ein litt annleis måte. Då popartisten Harry Styles pryda framsida av Vogue kledd i kjole i 2020, utvida det ramma for korleis maskulinitet kan iscenesetjast. Sjå bileta av Harry Styles i Vogue.

Tenk over / diskuter

Korleis har dei vestlege normene for hår, klede, sminke og kjønn endra seg dei siste 100 åra? Kva trur de er grunnen til desse endringane?

"The male gaze"

Eit anna perspektiv på kjønn og kulturuttrykk kjem frå filmteoretikar Laura Mulvey. Ho brukte omgrepet "the male gaze", det mannlege blikket, for å beskrive korleis kameraet har eit mannleg blikk på kvinner. Kvinner har vorte framstilte frå perspektivet til ein (heteroseksuell) mannleg kikkar som opplever nyting ved å vurdere kvinnekroppen (Buikema, Thiele & Plate, 2009).

Dette blikket blir perspektivet som sjåaren, regissøren og dei mannlege med-skodespelarane ser kvinnene frå. I dette mannlege blikket er kvinnefigurar berre interessante som seksuelle objekt, og dei blir passive støttespelarar for mannlege karakterar. Dette kjem til uttrykk i filmscener der kameraet dveler ved kvinnekroppen utan at det har noko med handlinga å gjere, og kvinneroller som ikkje har andre funksjonar enn å vere "eye candy".

Tenk over / diskuter

Kva filmar og seriar kjenner du til der kvinnene berre er med som "eye candy"?

"Eye candy"

Er det verkeleg slik at kvinner på film berre er med som "eye candy", slik teorien om the male gaze seier? Teorien er frå 70-talet, og det har skjedd endringar sidan Jane Fonda beskreiv filmbransjen i intervjuet over. Det er eit større mangfald i kvinneroller og ei større forståing for seksualisering av kvinner på film.

Teikneserieskapar Bechdel har gitt namnet til ein enkel test som kan avsløre skeivskapar i korleis kjønna og relasjonane mellom dei er representerte i film. Bechdel-testen består av eit spørsmål i tre delar:

  1. Har filmen minst to kvinnelege karakterar ...

  2. ... som snakkar med kvarandre ...

  3. ... om noko anna enn ein mann?

Testen kan avdekkje om kvinnerollene berre er der som "pynt" eller tilbehøyr til den mannlege hovudrolla.

nettsida Bechdeltest finn du ei oversikt over filmar som har bestått eller stroke i denne testen.

Tenk over / diskuter

Trur du den førre filmen du såg, eller ein annan film du kjenner godt, består Bechdel-testen? Kva tenkjer du om kvifor det framleis blir laga filmar som ikkje består testen?

"Giftig maskulinitet"

Mannsrolla i film er heller ikkje uproblematisk. Normene og ideala for maskulinitet som blir representert i action-filmar, gir signal om at "ekte menn" er aggressive, valdelege muskelbuntar som ikkje viser kjensler. Denne måten å iscenesetje maskulinitet på har fått nemninga "toxic masculinity", eller giftig maskulinitet på norsk (Jaffe, 2020).

Blikket i reklame

Ein type uttrykk som bruker veletablerte kjønnskodar som verkemiddel, er reklame. Det kan vere fordi det aukar sjansen for at bodskapen skal vere lett å tolke av mottakarane (Teigen og Steinnes, 2021). I ein episode av NRK-programmet Unormal kan du sjå eit døme på forskjellane i "blikket" eller perspektivet på kvinnekroppar og mannekroppar i reklame. Når den kvinnelege og mannlege programleiaren attskaper posituren til det motsette kjønn i undertøyreklamar, blir det tydeleg kor ulike normer som ligg i ei slik framstilling.

Tenk over / diskuter

Kan vi bruke teorien om det mannlege blikket til å seie noko om bilete på sosiale medium?

Kvar trur du normene og ideala for maskulinitet i typiske action-filmar kjem frå?

Kjønn og produksjon av kulturuttrykk

Når vi reflekterer rundt kjønn, identitet og kulturuttrykk, er det ikkje berre interessant å sjå på innhaldet i kulturuttrykka, men òg spørje oss kven som står bak produksjonen av dei.

Ulike måtar å uttrykkje seg kreativt på har hatt ulik status i samfunnet. Romanen, måleriet og spelefilmen er døme på uttrykk som har hatt høg status og får stor plass i offentlegheita. Desse uttrykka har òg vore mannsdominerte. Kvinner har dominert i kreative uttrykk som hekling, broderi og saum. Desse uttrykka har hatt ein lågare status og ikkje fått den same posisjonen, dei har vorte sett på som noko som høyrer til i heimen og kvardagslivet.

Dei siste åra har det skjedd mykje fornying i typiske kvinne-handverk. Aggressive broderi og garnbombing er døme på nye måtar å uttrykkje seg på som bryt med forventingar til innhald, form og identitet, og som bevegar seg frå sfæren til heimen og ut i det offentlege rommet. I tillegg er det fleire menn som driv med det som tidlegare vart sett på som kvinne-syslar. Nokon av dei profilerer seg som rollemodellar for andre menn i sosiale medium og i program som Symesterskapet på NRK.

Kjelder

Buikema, R., Thiele, K., & Plate, L. (2009). Doing Gender in Media, Art and Culture. Routledge.

Butler, J. (1999). Gender Trouble: Feminism and the Subversion of Identity. Routledge.

Jaffe, A. (2020, 29. januar). Men Will Be Men: The Troubling Origin of Toxic Masculinity. Psychology Today. https://www.psychologytoday.com/us/blog/all-about-addiction/202001/men-will-be-men-the-troubling-origin-toxic-masculinity

Pedersen, B. E. (2019, 13. august). Filmhøsten: Flest kvinner på regi. Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/kultur/2019/08/13/filmhosten-flest-kvinner-pa-regi/

Teigen, H. F. & Steinnes, K. K. (2021). "– Det er lett å se hvilke kjønn reklamer er ment for. Det er ikke noe mellomting": En studie av ungdoms fortolkning av kjønn i reklame på sosiale medier. Tidsskrift for kjønnsforskning (45), 2–3.

The Motion Picture Association, MPA. (2019). Theme report 2019. A comprehensive analysis and survey of the theatrical and home/mobile entertainment market environment for 2019. https://www.motionpictures.org/wp-content/uploads/2020/03/mpa-theme-2019.PDF

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2021