Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tradisjon, kulturuttrykk og identitet

Som ung og urban same har Agnete Saba kjend seg usikker på den samiske identiteten sin. Kva rolle speler kulturuttrykk når Agnete prøver å finne igjen den kulturelle identiteten sin?
Ein rein er fanga med lasso, han bli halden av ein mann på snøskuter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I NRK-serien Agnete jienáda/Agnete bruker stemmen møter du artisten Agnete Saba. Sjå andre episode av serien og gjer oppgåvene under.

NRK: Agnete jienáda/Agnete bruker stemmen: Ultrasamen versus antisamen.

Del 1. Finn fagomgrep og fagkunnskap

Finn faglege omgrep eller perspektiv frå artiklane Tradisjon, kulturuttrykk og kulturarv og Teoriar om kultur og identitet. Desse kan vere nyttige når de skal diskutere spørsmåla i del 2.

  1. Gå saman i par og ta for dykk ein artikkel kvar.

  2. Noter omgrep og fagkunnskap i artikkelen du har fått tildelt, som du meiner kan vere relevante for å diskutere innhaldet i NRK-programmet de har sett.

  3. Del det de har funne, med kvarandre.

  4. Lag eit samarbeidsdokument i klassen, til dømes i OneNote, der de lagar ei oversikt over nyttige omgrep og kunnskap frå dei to fagartiklane med utgangspunkt i notata frå par-arbeidet.

Del 2. Diskuter Agnete jienáda/Agnete bruker stemmen

Bruk omgrepa og kunnskapen frå del 1 til å diskutere innhaldet i Agnete jienáda/Agnete bruker stemmen.

  1. Korleis beskriv Agnete "supersamen"? Korleis beskriv ho sitt eige forhold til den samiske identiteten sin?

  2. Kva rolle speler joik, kufte og språk for korleis Agnete tenkjer på sin eigen og andre sin samiske identitet?

  3. Lag ein podkast eller visuell presentasjon der du beskriv tradisjonar og kulturuttrykk som er viktige for din eigen kulturelle identitet. Er det sider ved identiteten din som du kunne tenkje deg å utvikle meir, på same måten som Agnete gjer det i dette programmet? Kom òg med døme på korleis tradisjonar, språk og andre kulturuttrykk er med på å definere deg og andre, både som innanfor ("supersame") og utanfor ("antisame").

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2021

Læringsressursar

Kulturuttrykk og identitet