Hopp til innhald

Fagstoff

Bourdieu: kapital, habitus og felt

Sosiologen Pierre Bourdieu forska på samanhengen mellom kultur og klasse. Bli kjend med dei viktigaste omgrepa i teorien hans.
Kvinneleg lærar hjelper fire barneskuleelevar i eit klasserom. Ho peiker på noko i boka til den eine jenta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klasse og identitet

Kva for ein økonomisk klasse du høyrer til, er ein av faktorane som kan bidra til kulturell identitet. Eit slikt perspektiv på identitet inneber at du som individ ikkje står heilt fritt til å skape ein heilt unik identitet, men at du og andre blir forma av strukturar i samfunnet, nemleg klassestrukturar.

Desse strukturane er skapte av makt, der overklassen har meir makt enn arbeidarklassen. Å analysere korleis kulturuttrykk formar klasseidentitet kan altså gi innsikt i korleis klasseforskjellar blir skapte og haldne oppe. Pierre Bourdieu peika på at kultur er noko som bidreg til å skape dette maktforholdet gjennom kulturelle kodar som gir kulturell kapital. Samtidig er den enkelte òg med på å påverke strukturane, gjennom å sjølv bli ein berar av ulike kulturelle kodar.

Bourdieu utvikla teorien etter å ha gjort undersøkingar som viste at preferansane til respondentane fall inn i eit mønster etter kva samfunnsklassar dei høyrde til, og kva slags kapital dei hadde. Vidare i artikkelen ser du ei framstilling av korleis fritidsaktivitetar varierer med kulturell kapital, økonomisk kapital og politisk tilhøyrsel.

Bourdieu om kulturell og økonomisk kapital

Bourdieu skilde mellom høgkultur og lågkultur. Høgkulturen var noko høgare samfunnslag har overskot til å skape og nyte, som opera, kunstgalleri og modernistisk litteratur. Lågkulturen var eit uttrykk for livet til arbeidarane der du ikkje hadde tid, pengar eller overskot til å drive med gourmetmat, arkitektur, kunst, opera og litteratur. Bourdieu snakka om kulturen deira som ein kultur av nødvendigheit.

Arbeidarklassen har låg økonomisk kapital, og barna deira veks ikkje opp med dei same moglegheitene til å lære kulturelle kodar som middelklassebarn. Middel- og overklassen, som har høgare økonomisk kapital, er òg berarar av dei kulturelle kodane som gir status. Du kan ha tent mykje pengar, men likevel ha låg kulturell kapital viss du ikkje har tileigna deg kulturelle kodar på same måte som dei som er fødde inn i middel- og overklassen. Dei som meistrar dei kulturelle kodane som blir verdsette i eit samfunn, har høg kulturell kapital.

Modell med to aksar: Den vassrette aksen viser høg og låg kulturell og økonomisk kapital. Den loddrette aksen viser høg og låg samla kapital. Innanfor dei ulike aksane ligg ulike yrkesgrupper med ulike preferansar for drikkevarer og fritidsaktivitetar, i tillegg til politisk plassering på høgre- eller venstresida. Modellen viser til dømes at nedst til venstre finn ein ufaglærte arbeidarar som har låg samla kapital. Dei liker fotball og øl og røystar til venstre. Øvst til høgre i modellen finn ein arbeidsgivarar innan handel. Dei har høg samla kapital, men mest vekt på det økonomiske. Dei liker riding og champagne og røystar til høgre.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les meir om dette i artikkelen om kulturell kapital frå kommunikasjon og kultur 1.

Tenk over / diskuter

Diskuter påstanden: "Den kulturelle skolesekken bidreg til å jamne ut klasseforskjellar i Noreg."

I Noreg er det dei som har høgast utdanning og inntekt, som går på kunstgalleri (Flemmen, 2013). Kva kan vere forklaringar på dette?

To alternative teoriar

Bourdieus teoriar har hatt stor innverknad på korleis vi ser på kulturuttrykk og identitet. Men har klasse like mykje å seie for identitet og kultur i dagens samfunn?

Individualiseringsteorien

Antony Giddens og Zygmunt Bauman er to teoretikarar som står for ei retning som seier at det ikkje lenger er ein klar samanheng mellom klasse og kulturelle preferansar, slik Bourdieu beskreiv det. I det postmoderne samfunnet er identitetar meir flytande, og dei blir skapte på tvers av kategoriar som klasse. Dei enkelte vel mat, drikke, fritidsinteresser og musikksjangrar ut frå situasjonen dei er i.

Omnivor/univor-teorien

Richard Petersen, som står bak denne teorien, er einig med Bourdieu om at det er klasseforskjellar i kulturkonsum. Han meiner derimot at forskjellane ikkje handlar om at dei ressurssterke står for høgkulturen, mens arbeidarklassen held seg til lågkultur.

I staden er dei ressurssterke kulturelt omnivore (altetande), det vil seie at dei er storforbrukarar av både høgkultur, middelklassekultur og lågkultur. Dei er ikkje heilt altetande, men har kunnskap om og deltek i utvalde former for kultur i alle sjikta.

Det som karakteriserer dei ressurssvake klassane i denne teorien, er at dei er univore (et meir einsidig kost), det vil seie at dei har eit meir einsidig forbruk og deltaking i kulturuttrykk og kulturelle aktivitetar (Peterson & Kern, 1996).

Ei kvinne står åleine i eit galleri-rom og bøyer seg mot eit opplyst måla portrett av ei blond kvinne mens ei folkemengde i neste rom lyttar til ein førelesar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Habitus – taus kunnskap om kulturelle kodar

Eit viktig omgrep hos Bourdieu er habitus. Han ville rette merksemda mot dei umedvitne og kroppslege faktorane som er med på å forme oss som individ.

Habitus er ein taus kunnskap som du får frå omgivnadene dine gjennom oppveksten, som erfaringar som nærast set seg i kroppen. Klassetilhøyrsla di gir ulike moglegheiter, og moglegheitene du har til å lykkast, formar korleis du oppfører deg. Ein viktig del av denne tause kunnskapen er å meistre dei kulturelle kodane som gjeld i omgivnadene dine. Når dette er godt nok innlært, sit det under huda di slik at du kan aktivt bruke kunnskapen i samhandlinga med andre.

Den tause kunnskapen kjem til uttrykk i alt du gjer og er; talemåtar, frisyrar, lukter, kroppshaldning, kosthald, sport og kva du vel innan interiør, mote, kunst og underhaldning. Alt dette blir til umedvitne vanar, strategiar og planar som styrer korleis du lever livet ditt. Vala du tek, blir påverka av habitus. Viss du bevegar deg i felt der du ikkje meistrar kodane, vil du merke det på kroppen, at du er "feil". Då prøver du gjerne å unngå liknande situasjonar i framtida. Bourdieu bruker omgrepet distinksjon om mekanismane som skil det verdifulle frå det verdilause i eit sosialt felt, og som gjer at du blir anten ekskludert eller inkludert.

Felt: der vi forhandlar om status og kapital

Eit anna omgrep hos Bourdieu er felt, som er ulike sosiale arenaer, eller nettverk av relasjonar som er organiserte rundt ein eller fleire typar kapital. Felta er arenaer der vi kjempar og forhandlar om posisjonar eller status med grunnlag i dei ulike typane kapital. Døme på slike felt kan vere trusfellesskapar, fagfellesskapareller andre kulturelle fellesskapar Denne statusen kallar Bourdieu symbolsk kapital, fordi han knyter ein verdi til eit menneske på bakgrunn av summen av ulik kapital personen forvaltar, mens vi i kvardagen ikkje er klar over til dømes den kulturelle kapitalen som gir oss denne posisjonen.

Bourdieu og Goffmann

Bourdieu brukte Goffmanns teori om sjølvpresentasjon for å forklare korleis vi forhandlar om status ved hjelp av symbol i samhandlinga. Korleis vi vel å iscenesetje oss sjølve i møtet med andre, er ikkje tilfeldig, ifølgje Bourdieu, men heng saman med klasse (Bourdieu, 2013). kan vere umedvitne eller medvitne. Måten omgivnadene våre som habitus set spor i og formar oss, gjer at vi ikkje står heilt fritt i korleis vi isceneset oss sjølve, fordi kroppane våre avslører oss i samhandlinga med andre (Bourdieu, 2013).

Du kan ha høg status i eitt felt, mens den same veremåten gir deg låg status i eit anna. Dei som samhandlar i slike felt, er med på å definere kva som gir kapital i det bestemde feltet. Døme på felt kan vere eit spesialisert fagfelt eller ein bestemd ungdomskultur. Samtidig utgjer samfunnet samla sett eit eige sosialt felt, der klassetilhøyrsel er det som gir høg eller låg status.

Korleis signaliserer vi status?

Dei fleste handlingar eller objekt kan brukast til å uttrykkje sosial status, meinte Bourdieu. Alt som kan knytast til ein bestemd livsstil, heng saman med ein bestemd verdi som seier noko om posisjonen din i eit hierarki. Som døme på dette viste han til korleis bleik eller brun hud og tynne eller tjukke kroppar har vorte knytte til ulik verdi i ulike epokar i same samfunn. Mens bleik hud tidlegare var eit teikn på at du slapp å arbeide ute på markene, og dermed høyrde til overklassen, signaliserte solbrun hud på 80-talet at du hadde ressursar til å dra på ferie til solfylte strøk eller ta solarium. Kva verdi knyt vi til solbrun hud i dag?

"Heimflytter" – eit døme

I starten av episoden "Heimflytter" i NRK-serien Strømmeland ser vi eit døme på forhandlingar om status i eit bestemt felt: hipster-miljøet på Grünerløkka i Oslo. Hovudpersonen bestiller takeaway-mat frå ein restaurant og prøver å få status gjennom kunnskapen sin om mat (kulturell kapital) ved å seie til servitøren at han berre bruker "indisk bladsennep". Servitøren svarer at det var noko han sjølv vart lei av for nokre år sidan, og viser på den måten ein dominerande posisjon i dette feltet.

Tenk over / diskuter

Har du nokon gong vore i ein situasjon der du følte at du (eller andre) ikkje meistra dei kulturelle kodane? Korleis kjendest det ut?

Har du nokon gong opplevd at noko som gir status i ein samanheng (felt), ikkje gav deg status i ein annan?

Forklar med eigne ord kva kapital, habitus og felt er, og kom med døme.

Kjelder

Bourdieu, P. (1995). Distinksjonen. Pax forlag.

Bourdieu, P. (2013). Symbolic capital and social classes. Journal of Classical Sociology, 13(2), 292–302.

Flemmen, H. (2013). Et ja til klassedelt kultur. Klassekampen. https://arkiv.klassekampen.no/article/20131104/article/131109988

Gedde-Dahl, M. (2021, 3. april). – Hvis alle synes at yrkesfag er så dritbra, hvorfor sender de ikke ungene sine dit da? Morgenbladet. https://www.morgenbladet.no/ideer/2021/04/30/hvis-alle-synes-at-yrkesfag-er-sa-dritbra-hvorfor-sender-de-ikke-ungene-sine-dit-da/

Peterson, R. A. & Kern, R. M. (1996). Changing Highbrow Taste: From Snob to Omnivore. American Sociological Review. 61(5), 900–907. https://doi.org/10.2307/2096460

Swartz, D. L. (2016, 28. april). Bourdieu's Concept of Field. Oxford bibliographies. https://www.oxfordbibliographies.com/view/document/obo-9780199756384/obo-9780199756384-0164.xml

Weihe, H. J. W. (2019, 27.mai). Pierre Bourdieu. I Store norske leksikon. https://snl.no/pierre_bourdieuhttps://snl.no/pierre_bourdieu

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2021

Læringsressursar

Kulturuttrykk og identitet