Hopp til innhald

Fagstoff

Teoriar om kultur og identitet

Kva rolle speler kulturuttrykk i identitetsdanninga? For å svare på dette er det nyttig å avklare ulike teoretiske innfallsvinklar til forholdet mellom kultur og identitet.
Mann med sjokkert uttrykk i ansiktet ryggar bakover når lys og røyk strøymer ut frå nettbrettet han held på strake armar framfor seg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Identitet og kultur er begge ganske abstrakte omgrep som prøver å setje ord på viktige sider ved det å leve i eit samfunn, i ein fellesskap med andre.

Kultur er eit omgrep som prøver å fange variasjonar og måtar å leve på som menneske, med alt det inneber av skikkar, språk, klesdrakter, mat, verdsbilete og verdiar. Omgrepet identitet set ord på ulike måtar å vere på innanfor kulturar igjen. Begge omgrepa kan romme fleire forklaringar på kva det eigentleg vil seie å vere eit menneske med ein identitet i ein kultur. Derfor skal vi sjå nærare på nokre grunnleggjande teoretiske problemstillingar om forholdet mellom kultur og identitet.

Tenk over/diskuter

Kva definisjonar på kultur og identitet kjenner du til?

Sosialkonstruktivisme

Ein teoretisk posisjon som ligg bak korleis vi ser på identitet i studiet av kultur i dag, er sosialkonstruktivismen. Fleire teoretikarar bidrog til dette perspektivet, men det var boka The Social Construction of Reality av sosiologane Peter Berger og Thomas Luckmann som spreidde denne teorien (Tjora, 2020).

Sosialkonstruktivismen bryt med synet på ei sosial verkelegheit og seier at tolkingane våre av den sosiale verda er det som skaper og attskaper ho. Gjennom samhandling og kommunikasjon om verkelegheita er vi med på å skape ho. Viss mange nok av oss forstår eit fenomen og samhandlar rundt det på ein bestemd måte, vil det til slutt stå fram som objektive sanningar, slik at dette er den einaste måten å tolke eller handle på.

Eit døme

Bak teoriar om diskurs og diskursanalyse ligg idéen om at språket skaper verkelegheit. Diskursanalyse handlar om å analysere ytringar om eit tema, til dømes kjønn, for å avdekkje kva vi tek for gitt når vi snakkar om det. Målet er å gjerne oss medvitne om kva verkelegheitsoppfatningar som ligg bak, slik at vi òg kan vurdere andre innfallsvinklar.

Inntil nyleg har forståinga av kjønn som binært (du er anten mann eller kvinne) og biologisk bestemt dominert så sterkt at ho har vore ei objektiv sanning som låg bak diskursen om kjønn. I ein tradisjonell kjønnsdiskurs er mann og kvinne gjensidig utelukkande, og språket har berre gjort det mogleg å vere anten "ho" eller "han".

Denne sanninga har dei siste åra vorte utfordra, både gjennom språk og handling. Vi har fått nye diskursar om kjønn som ein glidande skala, og ikkje eit anten-eller, som har vorte så vanlege at dei konkurrerer med den tradisjonelle. Ordet "hen" har vorte introdusert og teke i bruk og er med på å vise korleis språket kan både spegle og forme korleis vi oppfattar verkelegheita.

Tenk over/diskuter

Korleis trur du det kan påverke korleis vi oppfattar kjønn viss det blir heilt vanleg å bruke ordet "hen" i staden for "ho" og "han"?

Eit sosialkonstruktivistisk perspektiv på identitet

Eit sosialkonstruktivistisk perspektiv på identitet er at det er noko som blir forma i samhandling og kommunikasjon. Samtidig har vi faktorar som kjønn, klasse og etnisitet som blir opplevde som objektive, og som derfor blir rammer for korleis vi tolkar vår eigen og andre sin identitet. Kva innhald desse kategoriane har, endrar seg etter kvart som vi kommuniserer og samhandlar om dei, slik dømet med kjønn viser.

Identiteten er då eit sjølvbilete som blir forma i samspelet med omgivnadene dine, og som speglar, forsterkar og utviklar normene knytte til ulike sider ved identiteten din. Dette perspektivet er òg det som ligg bak eit syn på kultur og identitet, i motsetning til eit syn.

Representasjon og identitet

Kulturforskaren Stuart Hall var ein av dei første til å rette blikket mot korleis representasjon i media og ulike kulturuttrykk formar identitet. For han betydde "representasjon" ikkje berre ei nøytral attgjeving av verkelegheita, men ein rekonstruksjon av ho. Ord og bilete påverkar korleis vi oppfattar ting, gjennom korleis dei framstiller dei.

Alle vala som blir tekne når det gjeld synsvinkel, motiv, utsnitt og ordval, bidreg til å framstille verkelegheita på ein bestemd måte. Influensarar som legg ut bilete av bakdelen sin, kommuniserer eit bestemt kjønnsideal. Mangelen på ikkje-kvite ansikt i filmar er eit anna døme på normer som ligg bak representasjonar.

Alle bodskapar er farga av ståstaden til sendaren og bidreg til synet til mottakaren på denne verkelegheita. Hall meinte at kven som er synlege i media og kulturen og korleis dei blir framstilte, formar identiteten til mottakarane. Sterke normer om kjønn, klasse og etnisitet blir formidla gjennom representasjonar av menneske, og dei blir ein del av sjølvforståinga vår.

Eit anna viktig bidrag frå Hall er teorien om korleis medium påverkar oss ulikt, slik at motstand mot representasjonane som blir serverte, òg er ei moglegheit. Du kan lese meir om dette i artikkelen om korleis medium påverkar individet (frå kommunikasjon og kultur 1).

Artikkelen Kulturell identitet og representasjon frå kommunikasjon og kultur 1 beskriv samspelet mellom identitet og ulike kulturuttrykk.

Ulike symbol for kjønn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er handlingsrommet for identitetsdanning?

Kor fri du er til å skape din eigen identitet, er eit anna viktig teoretisk spørsmål. Det eine ytterpunktet i diskusjonen er at kjønn, klasse og etnisitet set absolutte grenser for identitet, mens det andre ytterpunktet er at den enkelte står heilt fritt til å velje identitetar frå ein global meny.

Heilt fri til å velje, ...

Filosofen Thomas Ziehe meinte at i moderne samfunn har autoritetar mindre påverknad, slik at jamaldringar har større påverknad på barn og unge enn foreldregenerasjonen. Han kalla denne samfunnstilstanden "valsamfunnet" (Skagen, 2018). Ziehe beskreiv ungdom i dagens samfunn som kulturelt fristilte og dermed frie til å velje identitetar frå ein globalisert kulturell buffé.

... fanga i eit mønster ...

Nokre teoretiske perspektiv legg vekt på at makt avgrensar valmoglegheitene våre. Maktrelasjonane i samfunnet blir haldne oppe av kulturen, noko som bidreg til at dei undertrykte ser på samfunnsordninga som naturleg og objektiv. Identitet i eit slikt perspektiv er sterkt påverka av tilhøyrsel til ei gruppe som blir dominert av andre, til dømes gjennom kjønn og klassetilhøyrsel. Pierre Bourdieus teoriar om kulturell kapital er eit døme på dette, og du kan lese om dei i fagartikkelen om kulturell kapital.

... eller litt av begge deler?

Mange av svara på spørsmålet om kva for handlingsrom vi har når vi utviklar identitet, er midt mellom dei to posisjonane. Du kan ha blikket både på rammer for identitet og på handlingsrommet vi har for å spele ut og skape ulike identitetar innanfor desse rammene. Vi må òg sjå kjønn, klasse og etnisitet i samanheng med kvarandre i korleis dei pregar oss, noko omgrepet prøver å få fram. I artikkelen Globalisering og kulturell identitet (kommunikasjon og kultur 1) finn du perspektiv på identitet som beskriv korleis enkelte grupper er fanga i eit mønster, mens andre står friare til å velje.

Tenk over/diskuter

Kor mykje tenkjer du kjønn, klasse og etnisitet har å seie for korleis du oppfattar andre? Kor mykje har desse faktorane å seie for ditt eige sjølvbilete?

Kor viktig tenkjer du at kommunikasjon er i eit sosialkonstruktivistisk perspektiv på kultur og identitet?

Kjelder

Hall, S. (1989). Cultural identity and diaspora. Framework: the journal of cinema and media, vol. 36, s. 222–237.

Skagen, K. (2018, 27. september). Thomas Ziehe. I Store norske leksikon. https://snl.no/thomas_ziehe

Tjora, A. (2020, 3. desember). Sosialkonstruktivisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/sosialkonstruktivisme

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 30.08.2021

Læringsressursar

Kulturuttrykk og identitet