Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturkrinsløp-modellen

Når du skal analysere ulike kulturuttrykk, kan "the circuit of culture", kulturkrinsløpet, hjelpe deg med å få auge på alle faktorane som i samspel påverkar eit slikt uttrykk.
Modell med fem omgrep: "produksjon", "identitet", "representasjon", "regulering" og "konsum".  Omgrepa dannar ein sirkel der det går pilar til og fra alle omgrepa, slik at alle er knytte til alle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"The circuit of culture" er namnet på modellen som vart utvikla av kulturteoretikarar som Stuart Hall og Paul du Guy (Bjurstrøm et al., 2008). Modellen blir brukt til å analysere kulturelle fenomen. Han har ikkje fått eit norsk namn, men vi kan kalle det han beskriv, for kulturkrinsløpet.

Modellen viser kulturell meiningsproduksjon som ein prosess med ulike moment som til saman kan seie noko om samanhengen mellom stat, marknad og samfunn. Han viser eit krinsløp av praksisar som saman produserer meining: representasjon, identitet, produksjon, konsum og regulering.

Analysen kan byrje på kva som helst av momenta, så lenge du har blikket på heile sirkelen. Kulturuttrykk kan vere alt frå ein bygning til eit internett-mem, og dei blir både produserte, regulerte og mottekne på svært ulike måtar. Du kan derfor prioritere å fokusere meir på dei momenta i sirkelen som er mest relevante for det uttrykket du undersøkjer, så lenge du er grunngir valet.

Vi skal gå nærare inn på dei ulike punkta i krinsløpet og undersøkje bunad som kulturuttrykk som eit døme på korleis vi kan bruke modellen i praksis.

Tre kvinner i bunad ved ei trapp. Den eine sit på trappa med hovudet lent i handa, mens dei to andre står ved sida av. I bakgrunnen går ein mann med stokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produksjon

Produksjonen av eit kulturelt fenomen handlar ikkje berre om korleis det blir produsert av ein avsendar, men òg om korleis det blir marknadsført, distribuert og gjort tilgjengeleg for mottakarane.

Kven har skapt uttrykket, kva er bakgrunnen deira, kva ideologi står dei for, og kven betaler for og støttar dei? Kva er forskjellane mellom dei som lagar og dei som kjøper produktet? Har dei andre momenta i modellen nokon påverknad på produksjonen? Er det til dømes noko med måten mottakarane eller forbrukarar bruker eller tolkar eit produkt på, som påverkar produksjonsprosessen?

Korleis blir bunaden produsert?

Bunad er ei samlenemning på ulike fest- og høgtidsdrakter som byggjer på festdrakter frå ulike stader i Noreg. Mange av festdraktene var inspirerte av europeisk mote. Folkedrakta var eit mykje brukt motiv i nasjonalromantikken som leita etter røtene til det norske i bondesamfunnet.

Forfattar Hulda Garborg løfta fram folkedraktene på 1900-talet som ein protest mot unionen med Sverige. Ho kopierte gamle folkedrakter, men skapte òg nye med enkelte element frå tradisjonsplagga. Skoa som blir kalla bunadsko i dag, kom frå teatera i London på 1880-talet. Dei vart funne opp der for å likne på 1700-talsko (Haugsvær, 2016). Det vi kallar bunad i dag, har altså vorte konstruert i ein langvarig prosess som involverte fleire land og ulike historiske periodar. Det blir framleis konstruert nye drakter etter inspirasjon frå gamle drakttradisjonar, desse draktene blir kalla fantastistakkar eller festdrakter.

Det er mange ulike produksjonsmetodar for bunaden. Nokon syr bunaden sjølv, for dette er tradisjonshandverk som framleis blir halde i hevd mange stader. Kjønn er òg ein faktor i denne delen av produksjonen, sidan det å sy bunad var eit typisk kvinnearbeid.

I dagens travle kvardag er det likevel svært mange som ikkje har tid eller ferdigheiter til å sy bunaden sjølve. Dei kan setje ut arbeidet til kommersielle aktørar.

Mange av bunadene blir delvis eller heilt produserte i Estland, Kina, Vietnam eller Thailand. Heimen Husfliden er ein kjend forhandlar av bunader, og dei set ut alt broderiarbeidet til aktørar i Kina og Vietnam. Det å få bunaden sydd i Noreg tek mykje lengre tid og er dyrare. Ein norskprodusert bunad kan koste 100 000 kroner, mens han berre kostar 25 000 viss han blir laga i Estland (Hoffengh, 2018).

Kvifor vil nokon betale 100 000 for noko dei kan få for 25 000? Det kan verke som kvar bunaden er produsert, har noko å seie for autentisiteten til plagget. Forfattar Heidi Fossnes kommenterer bunader laga i utlandet i ein artikkel om temaet i Dagsavisen: "Bunad er et kulturuttrykk, ikke et vanlig antrekk eller kostyme, det er noe som skal fortelle noe om det stedet den kommer fra" (Hoffengh, 2018).

Fire bunadskledde kvinner med knytte nevar og banner med teksten "Bunadsgeriljaen" framfor Stortinget i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsum

Dette leddet av krinsløpet handlar om korleis uttrykket blir motteke, lese eller brukt. Er dei som les teksten eller bruker produktet, annleis enn dei som produserer det? Viss uttrykt eller produktet er til sals, kven har råd til det? Kvar og når blir uttrykket eller produktet konsumert? Korleis? Kvar finn du informasjon som gjer deg i stand til å lese eller bruke uttrykket?

Her kan du òg bruke intervju som metode og undersøkje korleis ulike menneske får eller bruker det uttrykket du har valt å analysere.

Korleis blir bunaden konsumert?

Bunadsbruken i Noreg skil seg frå korleis folkedrakter blir brukte i andre nordiske land, der dei ofte berre blir brukte i folkedans. I Noreg har bunaden vorte eit festplagg, mykje på grunn av Hulda Garborgs arbeid på 1900-talet. I dag har rundt 80 prosent av norske kvinner og 20 prosent av norske menn bunad (Storlien & Noss, 2021). Det at bunaden har vorte så populær, er ein av grunnane til at produksjonen blir lagd til utlandet, sidan norske produksjonsmetodar ikkje har den same kapasiteten.

Det er store økonomiske forskjellar mellom dei som lagar bunadene i lågkostland i utlandet, og dei som kjøper dei i Noreg. På grunn av prisforskjellane kan det òg vere forskjellar mellom dei som kjøper norskprodusert bunad, og dei som kjøper bunad sydd i utlandet.

Når bunaden er så kostbar, kan han òg fungere som eit statussymbol, der dei handsydde norskproduserte bunadene tronar høgast på rangstigen, og dei masseproduserte festdraktene gir minst status. Bunad-selfiar er populære på sosiale medium og seier noko om at avsendaren veit at dette er eit klesplagg det er positivt å bruke som sjølvpresentasjon.

Det er sterke normer rundt kven som kan bruke kva bunad, fordi dei ulike bunadene blir kopla til ulike stader i landet. Mange meiner at du ikkje berre kan velje drakta du liker best, fordi ho skal seie noko om opphavet ditt. Dette kan verke ekskluderande på nordmenn som er etterkommarar av innvandrarar og dermed ikkje har røter i Noreg. Fantasistakkar er ein måte å leggje til rette på for at alle som ønskjer det, kan ha eit festplagg i same stil som bunaden.

På den andre sida verkar det som om enkelte knyter bunadsbruk til ein bestemd kategori nordmenn, nemleg dei kvite. Den norske forfattaren Camara Lundestad Joof fortel om korleis ho som seksåring opplevde å bli skjelt ut av eldre kvinner for å gå med nordlandsbunaden ho hadde arva: "Og ho fortel at eg har ingenting i den bunaden å gjere. Det er respektlaust av meg å bruke den, eg har ingen rett, seier ho" (Heinesen, 2018).

Identitet

Dette punktet handlar både om identiteten til produktet eller uttrykket og om identiteten til alle som deltek i den kulturelle meiningsskapinga rundt uttrykket i krinsløpet. Kva betydning eller posisjon har uttrykket eller produktet i samfunnet? Korleis ser deltakarane i krinsløpet ut? Kva slags idéar, handlingar og maktposisjonar har dei? Korleis skaper uttrykket "insiderar" og utanforskap?

Kva slags identitetar skaper bunaden?

Bunaden har vorte knytt til ein essensialistisk norsk kulturell identitet sidan han vart skapt for å representere ein særeigen norsk identitet opp mot den svenske etter unionsoppløysinga. Då var bunaden eit uttrykk for ei motkulturell rørsle.

Under andre verdskrigen vart bunaden brukt av både Nasjonal Samling-leiaren Olga Bjoner og kvinner i motstandskampen, noko som representerer svært ulike maktposisjonar og politiske ståstader.

Bunaden vart òg tidleg eit uttrykk for bygdekulturen mot den urbane eliten. Ei forlenging av dette ser vi i dag med "bunadsgeriljaen". Dei bruker bunaden som eit samlande symbol på kampen kvinner med tilhøyrsel til distrikta kjempar mot nedlegging av fødetilbod.

Ein slags norsk essens står framleis sentralt i rolla bunaden speler som identitetsmarkør i dag. Men kva er norskdommen definert opp mot? På 17. mai kan bunaden signalisere demokratisk medborgarskap, opp mot andre ikkje-demokratiske styreformer.

Bunaden kan ekskludere. Når ikkje-kvite nordmenn blir trakasserte for å bruke bunad, vitnar det om ei forståing av at norsk identitet er knytt til kvit hudfarge. Bunaden kan òg inkludere. Nordmenn med innvandrarbakgrunn kan bruke bunad for å signalisere at dei omfamnar og vil integrerast i det norske fellesskapet. Saman med fantasistakken gir bunaden rom for ein meir dynamisk norsk kulturell identitet.

Vi kan òg seie at bunad er eit høgstatusplagg som signaliserer både økonomisk og kulturell kapital. Dette blir forsterka av at kongelege, politikarar, influensarar og kjendisar bruker bunad i alle slags høgtidelege samanhengar.

Til slutt kan vi òg seie at bunaden representerer heteronormative identitetar, med klare skilje mellom feminine og maskuline kjønnsuttrykk.

Korleis blir bunad, identitet og tradisjon framstilt i reklamefilmen over?

Representasjon

I dette momentet av krinsløpet undersøkjer du meiningsskapinga i sjølve forma og innhaldet i uttrykket eller produktet. Her må du velje relevante omgrep om kultur, identitet og kulturuttrykk og ulike analyseverktøy, til dømes semiotisk analyse eller diskursanalyse.

Kva slags representasjon av verda inneheld uttrykket? Kva slags felles meining kviler representasjonen på? Korleis er uttrykket bygd opp? Kva betyr det for ulike mottakarar?

Kva slags representasjonar finn vi i bunaden?

Bunader kan vere ganske ulike, men vi kan sjå på nokre fellestrekk ved uttrykket. Dei er fortrinnsvis laga av tunge stoff som ull, vadmål og lin, med lettare stoff i blusar og skjorter. Naturmateriale som dette gir ein konnotasjon til autentisitet, i motsetning til kunstige materiale som er vanlegare i dagens mote.

Desse naturlege stoffa vart òg brukte i det før-moderne bondesamfunnet som var grunnlaget for konstruksjonen av den norske identiteten på 1800- og 1900-talet. Mange av mønstera har same formspråk som i rosemåling, og dette skaper òg eit samband til norske tradisjonar og bondesamfunnet.

Kvinnebunadene har lange, vide skjørt og markerte midjer eller byster. Dei framhevar kvinnelege former, samtidig som dei kan passe til dei fleste kroppsfasongar, i motsetning til estetikken i moderne mote som er meir kroppsnær. Nokre bunader består av ulike plagg til gifte og ugifte kvinner. Mange bunader har forkle og hovudplagg som minner om ei fortid der kvinna stelte i huset og dekte til håret.

Regulering

Dette punktet handlar om å undersøkje formelle og uformelle reguleringar frå styresmakter og andre instansar som påverkar uttrykket eller produktet, som påbod eller forbod i lover, reglar og normer.

Korleis blir bunaden regulert?

Ulike nemnder og fagråd har gitt tilrådingar og rettleiingar rundt utforminga av bunader, med vekt på vern og tilknyting til tradisjonar og historisk kunnskap. Bunad- og folkedraktrådet har i vedtektene sine at dei skal "fremme, verne og vidareføre bruk og tilverking av bunader og folkedrakter i Noreg som eit uttrykk for kulturell identitet" (Norsk institutt for bunad og folkedrakt, u. å.).

Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon har gått saman for å jobbe for at bunaden skal bli nominert til UNESCOs liste over verneverdig immateriell kulturarv.

Bunadspolitiet er namnet på ei foreining for norske bunadsprodusentar som arbeider for at det skal bli lovpålagt å merke bunaden med kvar han er produsert. Målet er å verne om dei nasjonale handverkstradisjonane som ligg bak.

Ei anna formell regulering som kan gripe inn i bunaden som kulturuttrykk, er eit EU-direktiv om miljømerking av plagg. Ut frå EU-forslaget for merkinga ville bunaden kunne bli merkt som lite miljøvennleg målt opp mot plagg laga av resirkulert polyester.

Den uformelle reguleringa av bunad skjer gjennom formidling av sterke normer for bruk. Det er stadige diskusjonar om kven som kan bruke bunader, og korleis han kan brukast. Dei som er normsendarar i slike debattar, har òg vorte kalla "bunadspolitiet". Her er døme på overskrifter frå ulike nettbaserte diskusjonar om bunadsbruk:

"Influencerne elsker den, men er fantastistakken egentlig innafor?"
"Bunadtabbene du bør unngå"
"Er det lov med bunad i begravelse?"
"Hvem har rett til å bære de forskjellige bunadene?"

Korleis påverkar dei ulike momenta kvarandre?

Målet med modellen er å vise korleis kulturell meiningsproduksjon er ein kompleks prosess som går føre seg på mange stader, med mange aktørar, og at desse har innverknad på kvarandre. Det er ikkje berre avsendarane av eit uttrykk som styrer kva slags meining det skaper. Modellen viser at det er mange andre aktørar involverte, som mottakarar og forbrukarar, marknad og stat. Det er òg rom for å vise at mottakarane av eit uttrykk kan tolke og bruke det på svært mange ulike måtar, og ikkje minst korleis uttrykket påverkar korleis mottakarane ser på seg sjølve og andre.

Korleis påverkar dei ulike momenta kvarandre i dømet vårt?

Ved å gå gjennom alle momenta i krinsløpet ser vi at betydninga bunaden har som kulturuttrykk, heng saman med alle ledda i prosessen.

  • Ved å sjå på både historiske og økonomiske forhold rundt produksjonen blir det tydelegare korleis bunaden har vorte brukt til å konstruere og uttrykkje identitet.

  • Konsumet påverkar produksjonsforholda: Det at bunaden er så populær, er ein av grunnane til at produksjonen må setjast ut til utlandet, fordi lokale produsentar ikkje har kapasitet.

  • Den formelle reguleringa handlar om å verne bunaden som handverkstradisjon og bunadsprodusentane som tradisjonsberarar. Vi kan sjå på desse reguleringane som eit ønske om å påverke produksjonen slik at han blir innan landegrensene for å sikre at handverkstradisjonane ikkje døyr ut.

  • Den uformelle reguleringa av bunaden viser korleis norsk kulturell identitet er gjenstand for forhandling, med ulike posisjonar som står for essensialistiske og dynamiske kulturforståingar.

  • Representasjonen i sjølve bunaden som uttrykk kan vi tolke ut frå den felles meiningsskapinga som er fletta inn i bunaden som berar av tradisjon og norsk identitet. Samtidig har den norske identiteten som bunaden blir fylt med, svært ulikt innhald for ulike brukarar.

Kjelder

Bjerkem, J. (2020, 1. mai). Bunad på Unesco-lista. Magasinet BUNAD. https://bunad-magasinet.no/utgaver/2020/1-2020/bunad-pa-unesco-lista

Bjurstrøm, E., Høystad, O. M, Sørensen, A. S. & Vike, H. (2008). Nye kulturstudier. En innføring. Spartacus forlag.

Castello, C. (2019, 17. mai). Fleire innvandrarar i bunad viser auka integrering. Utrop. https://www.utrop.no/nyheter/kultur/35196/

Haugsvær, N. (2016, 12. mai). Bunaden startet som en motkulturell bevegelse. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/oslo/i/6n8rr/bunaden-startet-som-en-motkulturell-bevegelse

Heinesen, C. T. (2018, 25. oktober). Vi må snakke mer om det. Antirasistisk senter. https://antirasistisk.no/vi-ma-snakke-mer-om-det/

Hoffengh, S. (2018, 6. april). Bunadssøm settes ut til lavkostland som Kina, Thailand og Estland. Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/kultur/2018/04/06/bunadssom-settes-ut-til-lavkostland-som-kina-thailand-og-estland/

Leve, A. M. (2012). The Circuit of Culture as a Generative Tool of Contemporary Analysis: Examining the Construction of an Education Commodity. J. Wright (Red.), AARE 2012 Conference Proceedings & Program (1–12). Australian Association for Research in Education. https://files.eric.ed.gov/fulltext/ed544487.PDF

Norsk institutt for bunad og folkedrakt. (u. å.). Historikk. https://bunadogfolkedrakt.no/historikk

Storlien, B., Noss, A. (2021, 25. februar). Folkedrakt. I Store norske leksikon. https://snl.no/folkedrakt

Waaler, I. E. (2020, 21. oktober). Kampen om bunaden. NRK. https://www.nrk.no/spesial/kampen-om-bunaden-1.15689990

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2022

Læringsressursar

Bruke kjelder, teori og metode