Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis velje teori og metode til analyseoppgåver?

Det er mange teoriar, perspektiv og metodar å velje mellom når du skal jobbe med ei analyseoppgåve. Korleis kan du finne ut kva innfallsvinklar som passar best til materialet du jobbar med?
Tre kvinner i bunad ved ei trapp. Den eine sit på trappa med hovudet lent i handa, mens dei to andre står ved sida av. I bakgrunnen går ein mann med stokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I faget kommunikasjon og kultur 3 skal du kunne planlegge, gjennomføre og presentere eit sjølvvalt fagleg emne, og då er det heilt sentralt å kunne velje og bruke ulike teoriar og analysemetodar. Her får du nokre tips til korleis du kan jobbe med større analyseoppgåver der du kan velje innfallsvinkel sjølv.

Vel teoriar og metodar som er relevante og fruktbare

I analyseoppgåver der du må velje teoriar og metodar sjølv, handlar mykje om å finne gode innfallsvinklar til kulturuttrykket du skal analysere. Men korleis veit du kva teoriar og metodar som gir gode innfallsvinklar? To viktige kriterium er at dei er relevante og fruktbare.

  • Relevante teoriar og metodar er verktøy som passar til å analysere uttrykket du jobbar med, fordi dei har omgrep og verktøy som kan brukast til å beskrive og tolke viktige trekk ved uttrykket. Nokre teoriar eignar seg best til å beskrive verbaltekstar, mens andre passar best til samansette tekstar.

  • Fruktbare teoriar og metodar er innfallsvinklar som opnar nye perspektiv på det du analyserer, slik at du har nok stoff til analysen din. Det er innfallsvinklar som gir deg verktøy til å beskrive og forklare fleire trekk ved det du analyserer, eller gå i djupna på eitt enkelt trekk.

Kva teoriar?

I kommunikasjon og kultur 3 har vi eit læreplanmål som seier at du skal kunne "gjøre rede for og bruke teorier om diskurs, semiotikk, pragmatikk og kultur" (Utdanningsdirektoratet, 2021). Dette er teoriar som seier noko om forholdet mellom kommunikasjon, kultur og identitet. Mange av teoriane inkluderer òg metodar for å analysere kommunikasjon, tekstar og kulturuttrykk.

I tillegg skal du bruke kunnskap om makt i lokale og globale samanhengar, om interkulturell kommunikasjon, om kommunikasjonsteknologi og om korleis tekstar formar verkelegheitsforståinga i kulturar.

Her er ei oversikt over kvar du finn viktige teoriar og ulike analyseverktøy:

Kulturuttrykk

Læreplanen i kommunikasjon og kultur 3 seier at du skal "analysere og reflektere over kulturuttrykks rolle i identitetsdannelse" (Utdanningsdirektoratet, 2021). Kulturuttrykk er eit sentralt omgrep som dekker alle former for tekstar i det utvida tekstomgrepet, det vil seie fenomen og objekt som har eit kulturelt innhald. Kulturuttrykka fører vidare eller utfordrar normer, verdiar, tradisjonar. Dei er òg viktige i konstruksjon og representasjon av identitet, som er eit anna sentralt omgrep i faget. I ein analyse kan du sjå på korleis vi uttrykker og utviklar identitet gjennom kulturuttrykka.

Mange kulturuttrykk i dagens samfunn er digitale. Derfor er det òg interessant å sjå på korleis kommunikasjonsteknologien påverkar korleis vi uttrykker identitet. Gjennom dei følgande lenkene finn du emne med ressursar om kulturuttrykk, tekstar, identitet og teknologi:

Kommunikasjon og interkulturell kommunikasjon

Det er mange mål som handlar om å tolke, drøfte og analysere kommunikasjon og kommunikasjonsprosessar i kommunikasjon og kultur 3. Tekstar og kulturuttrykk er kommunikasjon, men du treng eigne verktøy for å analysere autentiske samtalar, ytringar og språkbruk. Det finst òg eigne teoriar og metodar for å analysere interkulturell kommunikasjon, der kulturforståing står sentralt. Du finn oversikt over ressursar med teoriar og analyseverktøy som kan brukast til desse temaa, i emna Kommunikasjon, kultur og makt og Språk- og samtaleanalyse.

Kulturkrinsløpmodellen

I kommunikasjon og kultur-faga er det òg eit viktig poeng at du kan plukke ut omgrep og verktøy frå fleire teoretiske område for å belyse ulike sider ved tekstar. Viss du til dømes skal analysere ei klesdrakt, kan du hente omgrep og verktøy frå diskursteorien for å seie noko om ideologiar som ligg bak og kjem til uttrykk i klesdrakta, men du kan òg bruke omgrep frå semiotikken for å "lese" drakta som tekst.

Når du skal arbeide med så mange ulike teoriar og metodar, er det inga fast oppskrift på korleis ei oppgåve skal løysast. Det som er viktig, er at du viser at du kan bruke fagkunnskapen din aktivt ved å velje fleire ulike omgrep og verktøy på ein god måte til å belyse fleire sider ved tekstane du jobbar med.

Ei ramme for analysen

Kulturkrinsløpmodellen lagar ei fin ramme for analyse av kulturuttrykk ved å definere ulike tema, eller fasar, som du kan undersøke i ein analyse. Du kan bruke ulike omgrep, analyseverktøy og teoriar frå faget elles til å belyse dei ulike fasane, og du kan velje å fokusere meir på enkelte fasar enn på andre. I artikkelen om kulturkrinsløp-modellen kan du lese om modellen, og du kan sjå korleis han blir brukt til å analysere bunaden som kulturuttrykk.

Datainnsamling

I nokre av fasane av kulturkrinsløp-modellen kan det vere aktuelt å samle inn data frå dei som bruker eller skaper eit kulturuttrykk. Dette kan gjerast på fleire måtar, som til dømes observasjonar, intervju eller spørjeundersøkingar. Her må du òg vurdere kva metode som passar best til problemstillinga du har valt. Du kan du lese meir om dette i artikkelen "Observasjon, intervju eller spørjeundersøking".

Å samanlikne tekstar

I læreplanen er det eit eige kompetansemål som seier at du skal "drøfte og sammenligne hvordan tekster skaper, bevarer og utfordrer kulturers virkelighetsforståelse" (Utdanningsdirektoratet, 2021). Du skal altså samanlikne to eller fleire tekstar, men kva er målet med ei slik samanlikning?

Same tema, ulike verkemiddel

Det kan ofte vere interessant å sjå på korleis same tematikk blir behandla i ganske ulike tekstar. Kulturforståing og kulturell identitet står sentralt i kommunikasjon og kultur 3, og det er naturleg å arbeide med tekstar som tek for seg desse temaa. I ei samanlikning blir ofte grepa avsendaren har gjort for å framstille temaet på ein bestemd måte, ekstra synlege, og det kan òg vere lettare å avgjere kva grep som fungerer best.

Same tema, fleire perspektiv

Det er òg interessant med tekstar som ser same sak frå ulike ståstader, for å få fram fleire perspektiv. Læreplanen understrekar til dømes at det er viktig å få fram perspektiva til både majoritetar og minoritetar.

Ulikt tema, andre likskapstrekk

I andre tilfelle kan det vere andre ting enn tematikken som er i sentrum for analysen. Då kan du samanlikne tekstar som handlar om ulike tema, men som har andre trekk som du ønsker å samanlikne, som til dømes kulturkontekst, verkemiddelbruk eller form.

Her får du konkrete tips til korleis du kan gå fram når du skal samanlikne tekstar:

I denne videoen får du òg eit døme på ei samanlikning av to ulike tekstar sett i lys av verkelegheitsbiletet i ulike tidsperiodar.

Tips til arbeidet med å velje teori og metode

Start med å gjere deg kjend med materialet du har valt å analysere. Noter viktige stikkord for det som fangar interessa di undervegs. Reflekter over desse to spørsmåla:

  • Kva synest du ved første augekast er dei mest interessante trekka ved form og innhald?

  • Kva er tematikken i materialet du har valt?

No kan du definere ei problemstilling, som er eit spørsmål som du ønsker å få svar på med analysen din. Ofte kan det ligge ei problemstilling i oppgåveteksten òg, så les oppgåva nøye.

Etter å ha fått eit overblikk over temaet i uttrykka eller kommunikasjonen du skal analysere, kan du byrje å sirkle deg inn på kva for nokre teoretisk innfallsvinklar og analysemetodar som passar best å bruke når du no skal utforske dei nøyare. Her kan det tenke seg at du vel ut verktøy og omgrep som du synest er interessante i seg sjølve, og prøver dei ut på det konkrete tekstmaterialet du skal analysere. Viss dette avdekker interessante poeng du ikkje la merke til ved første overblikk, kan det bety at dette er ein innfallsvinkel som både er relevant og fruktbar.

Ei oppsummering av tipsa til arbeidsprosessen:

  1. Finn materialet du skal analysere, og gjer deg kjend med det.

  2. Definer spørsmål du er interessert i finne svar på.

  3. Finn og gjer deg kjend med teoriar og fagomgrep.

  4. Beskriv kjenneteikn ved uttrykket eller kommunikasjonen og kjenneteikn ved teoriar og fagomgrep.

  5. Beskriv og tolk materialet med fagomgrepa.

  6. Viss teori og metode ikkje gir resultat, gå tilbake til punkt 3 og finn andre innfallsvinklar som du prøver ut.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet, (2021). Læreplan i kommunikasjon og kultur (KKM01‑02). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2021. https://www.udir.no/lk20/kkm01-02

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker, Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Bruke kjelder, teori og metode