Hopp til innhald

Fagstoff

Estetiske element i tekstar

Når vi analyserer tekstar, kan vi dele dei inn i tre ulike nivå: det grammatiske, det tekstuelle og det estetiske nivået. Kva skjer på det estetiske nivået i tekstar, og kva omgrep kan vi bruke for å analysere dette?
Veggmåleri av eit anatomisk korrekt hjarte med eit auge og ein pil gjennom. Veggen er måla i sterke fargar. Foto.

Tekstar er sette saman av element som vi kan seie fungerer på ulike nivå: eit grammatisk, eit tekstuelt og eit estetisk. Når du gjer ein analyse av ein tekst, kan ei slik grovinndeling vere eit godt utgangspunkt for å sjå på kva for nokre ulike verkemiddel som er brukte. Samtidig er det viktig å vere klar over at dei tre nivåa ofte går inn i kvarandre. Derfor må du òg sjå på samspelet mellom verkemiddel på ulike nivå, og korleis dei saman bidreg til å få fram tema og bodskap.

På det estetiske nivået handlar det om heilskapsopplevinga av tekstar, både når det gjeld sanseinntrykk som har med stil og design å gjere, og når det gjeld kjenslemessige opplevingar du som lesar har i møtet med teksten.

Tidstypisk estetikk

Har du tenkt over korleis du ofte kan gjette kva tid filmar, reklamar eller tv-program kjem frå, fordi du kjenner igjen fargebruk, språk og andre uttrykksmåtar som typiske for ein tidsperiode? Då har du allereie erfaring med å vurdere det estetiske nivået i tekstar.

Når du lærer om ulike periodar i litteraturhistoria eller kunsthistoria, blir det ofte skildra trekk ved tekst og kunst som er typisk for ein tidsperiode. Summen av desse trekka utgjer ein bestemd estetikk som er tidstypisk.

Visuelle tekstar

Når du skal analysere estetiske element i samansette tekstar med visuelle element, kan du først prøve å beskrive heilskapsinntrykket du får når du lar blikket fare over heile teksten. Ulike fargetonar og fargesamansetningar, linjer, motiv, fontar og layout kjem saman og skaper bestemde uttrykk og stemningar.

Det kan vere vanskeleg å setje ord på desse opplevingane, men her er det viktig å stole på magekjensla og korleis du opplever teksten. Kanskje er det noko ved teksten som minner deg om stilen i ein annan type tekst? Slike visuelle og stilmessige sitat eller referansar blir brukte heile tida, så det er verd å nemne om du synest heilskapsuttrykket verkar kjent.

Utforsk

Det er viktig å finne gode ord og uttrykk som kan brukast for å beskrive heilskapen som blir skapt av fargar, linjer og motiv. Kan du bruke nokon av desse adjektiva for å beskrive reklamen på biletet under?

Harmonisk, balansert, kaotisk, levande, energisk, sprudlande, forfriskande, elegant, tidlaus, eksklusiv, drøymande, aggressiv, melankolsk, billig, teknisk, maskulin, feminin, barnsleg, ungdommeleg, gammaldags, autentisk, moderne, futuristisk, urban.

Reklame for klesprodusenten Abercrombie & Fitch med ein ung mann som held kjærleg rundt ei ung kvinne. Han er kledd i ei rutete skjorte, ho har ei jakke i cordfløyel. Sminke og hår er naturleg. Svart-kvitt foto.

Verbaltekstar

Heilskapsinntrykket i verbaltekstar kan skapast av ordval, setningslengde, språklege bilete, synsvinkel, forteljarstemme og andre verkemiddel som til saman skaper ein viss stil, tone eller eit uttrykk. Her gjeld det å setje ord på stemningar, kjensler og inntrykk du får som lesar.

Stil

I retorikken skil vi mellom høgstil, mellomliggande stil og lågstil, og dette kan vere fine omgrep for å beskrive stilnivået i tekstar. Eit enkelt språk som ligg tett opp mot daglegtalen, blir beskriven som lågstil. Eit språk fullt av framandord, lange innskotne setningar og intrikate skildringar, derimot, kan beskrivast som høgstil. Mellom desse to ligg den mellomliggande stilen.

Tone, uttrykk og stemning

Vi kan òg beskrive tonen i verbaltekstar på mange ulike måtar. Ein tekst kan ha eit personleg preg eller eit formelt preg. Viss forfattaren avgrensar bruken av pronomenet "eg", kan det gjere at teksten verkar meir objektiv og nøytral. I motsett tilfelle kan mange referansar til seg sjølv og eigne erfaringar gi eit subjektivt og personleg preg. Det gir òg ei kjensle av intimitet når forfattaren vender seg direkte til lesaren som "du".

Forfattarar har mange måtar å skape ulike stemningar på. Korte setningar og ein refererande forteljarmåte gir eit strammare, tøffare preg enn ein meir scenisk forteljarmåte med skildringar av personar og miljø og bruk av dialog og direkte tale. Fleire forfattarar, til dømes Virginia Woolf og Jon Fosse, har eksperimentert med å skrive på ein måte som etterliknar tankestraumane som pregar medvitet vårt.

Tenk over / diskuter

Kva stil vil du seie er vanlegast i tekstane du møter i løpet av ei vanleg veke? Høgstil, lågstil eller mellomliggande stil?

Korleis kan du etterlikne forma til din eigen tankestraum i skrift?

Kjelde

Grue, J. (2018, 24. mai). Elocutio (retorikk). I Store norske leksikon. https://snl.no/elocutio_-_retorikk

Relatert innhald

Kva inneber det eigentleg å gjere estetiske vurderingar av tekstar?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse