Hopp til innhald

Fagstoff

Estetikk og tekst

Kva inneber det eigentleg å gjere estetiske vurderingar av tekstar?
Eit lauv på bakken med ei påteikna linje som illustrerer prinsippa bak det gylne snitt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Estetiske vurderingar handlar om å sanse ulike fenomen både i kunsten og i verda generelt og vurdere skjønnheita deira.

Nokon har meint at skjønnheit ligg i eit harmonisk forhold mellom elementa eit uttrykk består av. Det kan til dømes sjå ut til at symmetri er viktig når vi vurderer eit ansikt som vakkert. Det gylne snittet er ei oppskrift på komposisjon som er spesielt harmonisk, og det har vore brukt i målarkunst, fotografi, design og arkitektur. Du ser eit døme på det i biletet over.

På den andre sida har vi det engelske ordtaket "beauty is in the eye of the beholder", som seier at skjønnheit er ikkje ein objektiv eigenskap, men noko som kjem an på auget som ser.

Frank Sibley er ein filosof som har forska mykje på smak og estetikk. Han samanliknar estetiske vurderingar med opplevinga av fargar. Sjølv om vi ikkje har bevis for at vi alle opplever fargen blått på same måte, veit vi framleis kva nokon meiner når dei seier "bilen er blå" (Gaut & Lopes, 2013). Når vi seier at noko er "grasiøst", er det òg store moglegheiter for at dei fleste forstår kva du meiner, og er einige med deg i denne vurderinga av estetisk kvalitet.

Ei kvinne står i eit rom der det heng store, fargerike kuler med svarte flekkar frå taket. Det er speglar både på tak, veggar og golv, slik at kulene blir spegla på alle sider. Foto.

Korleis vurderer vi det estetiske nivået av tekstar?

Ordet "smak" tyder jo eigentleg den sansen vi tek i bruk når vi bruker tunga (i kombinasjon med nasen) i møtet med mat og andre fysiske objekt. Når vi snakkar om smak i samband med kunst eller litteratur, er det derfor ein metaforisk bruk av ordet "smak". Når vi gjer ei estetisk vurdering av ein tekst, "smaker" vi på teksten med dei relevante sansane, og det er dette som avgjer om vi liker det vi høyrer og ser.

Underleggjering

Litteraturteoretikaren Viktor B. Sjklovskij har gitt oss omgrepet "underleggjering" for å beskrive ein måte å bruke verkemiddel på i kunstuttrykk som skil seg frå kvardagslege uttrykk (Kittang et al., 1993). Han meinte at det er måten vi opplever eit uttrykk på, som gjer det til kunst. Vi opplever og omarbeider alle sanseinntrykka, og dette er ein skapande prosess der vi legg meining til det vi sansar, basert på erfaringane og føresetnadene våre. Denne omarbeidinga blir kalla persepsjon.

Sjklovskij peika på at persepsjon av ulike inntrykk blir ein vane etter kvart, slik at oppfatningane våre av verda "stivnar til". Det poetiske språket bryt med den vanlege måten å bruke språk på, slik at vi blir tvinga til å stoppe opp og ta innover oss inntrykka på ein annan måte. Det er dette som ligg i underleggjeringa som får oss til å sjå verda på nye måtar.

Heilskapsopplevinga

Men kva ser vi etter når det gjeld det estetiske nivået på tekstar i den vidaste tydinga av ordet? Det handlar om korleis vi opplever teksten som ein heilskap. Sibley har eit døme som illustrerer dette godt: Det å leggje merke til at eit bilete har eit raudt felt nedst til høgre, er ikkje å vurdere estetikken. Men det å kunne seie at det raude feltet skaper balanse i biletet, er ei estetisk vurdering (Gaut & Lopes, 2013). Den estetiske vurderinga handlar ikkje om å beskrive verkemidla i ein tekst, men å leggje merke til kva verkemidla gjer, og kva slags heilskapsoppleving dei bidreg til.

Tenk over / diskuter

Kva er favorittfilmen din? Kva ord vil du bruke for å beskrive heilskapsopplevinga av denne filmen?

Ung mann ligg i hengekøye og les bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva for nokre estetiske vurderingar gjer vi av ulike tekstar?

Eitt forskingsfelt innan estetikken er å kartleggje kva ord som blir brukte for å beskrive ulike estetiske uttrykk, for å forstå kva kvalitetar vi legg merke til og verdset ved dei ulike uttrykka.

Ei gruppe tyske forskarar bad ei stor gruppe studentar liste opp adjektiv som beskriv opplevinga av poesi, drama, noveller og romanar. Orda "vakker" og "spennande" var dei som vart brukte mest på tvers av alle teksttypane. Interessant nok verka det som "kjedeleg" var det ordet som kom nærast eit til "vakker" (Knoop et al., 2016).

Harmoni eller spenning?

"Morosam" og "trist" var ikkje overraskande dei mest brukte for høvesvis komiske og tragiske drama, mens "spennande", "interessant" og "romantisk" vart brukte mykje om både romanar og noveller. Poesien vart òg beskriven som "romantisk" i tillegg til "harmonisk", "rytmisk" og "melodiøs", ord som òg blir brukte mykje for å beskrive musikk (Knoop et al., 2016).

Desse resultata seier oss altså noko om korleis vi opplever ulike typar tekstar, og at den estetiske opplevinga heng saman med både kva sjanger ein tekst høyrer til, og korleis verkemidla er brukte.

Tenk over / diskuter

Kva seier orda som er brukte om poesi, oss om kva vi legge vekt på når vi les denne typen tekstar?

Kva ord bruker du når du skal beskrive opplevinga av innlegg på ulike sosiale medium?

Eit godt smaksapparat

Når vi et, må vi kunne vurdere om maten i det heile er etande, og kva type mat vi liker. Nokon kan ha meir avanserte smakar enn andre og kan både skilje ut ein enkelt komponent i ein matrett og setje pris på smakar og nyansar som andre ikkje merkar eingong. For å kunne vurdere estetisk kvalitet i tekstar må du òg ha gode "sansar". Med eit godt utvikla smaksapparat kan du fange opp mange ulike nyansar og "ingrediensar" i tekstar.

Kan du trene deg opp til dette? Det er mykje som tyder på det. Frank Sibley meiner at estetisk vurdering er som vinsmaking, der du kan trene opp smaksapparatet ditt ved å smake på så mange vinar som mogleg (Gaut & Lopes, 2013).

I eit anna forsøk med estetisk vurdering av tekstar fekk deltakarane velje frå ei liste med ord frå forskarane for å beskrive tekstar, i staden for at dei sjølve skulle beskrive dei med eigne ord. Dette førte til at dei såg nyansar ved tekstane som dei ikkje hadde lagt merke til då dei vart bedne om å beskrive dei utan støtte (Knoop et al., 2016).

Lett og vanskeleg skjønnheit

Filosofen Bernard Bosanquet skilde mellom lett og vanskeleg skjønnheit (Gaut & Lopes, 2013). Den første typen er lettare å setje pris på og umiddelbart behageleg å møte. Den vanskelege skjønnheita er meir kompleks og krev meir av oss. Når det gjeld litteratur, er dette skiljet lett å forstå. Vi kan setje pris på lettlesen litteratur, mens lesaropplevinga av ei tyngre bok er annleis. Har du mykje erfaring med og kunnskap om litteratur, kan du òg leggje merke til og setje meir pris på verkemiddelbruken og nyansane i den meir komplekse teksten.

Tenk over / diskuter

Kva tenkjer du om påstanden: "Å lære om litteratur påverkar korleis vi opplever tekstar"?

Kvifor trur du mange filmar får fleire publikums-poeng enn kritikar-poeng (og motsett) på filmsider som "Rotten tomatoes"?

Kjelder

Aubert, K. E. (2019, 1. oktober). Det gylne snitt. I Store norske leksikon. https://snl.no/det_gylne_snitt

Gaut, B. & Lopes, D. M. (Red). (2013). The Routledge Companion to Aesthetics (3. utg.). Routledge.

Johnsen, R. S. (2017, 23. mai). Knausgard + Munch. Deichman. https://blogg.deichman.no/litteratur/2017/05/23/knausgard-munch/

Kittang, A., Linneberg, A., Melberg, A. & Skei, H. H. (1993). Moderne Litteraturteori. En innføring. Universitetsforlaget.

Knoop, C. A., Wagner, V., Jacobsen, T. & Menninghaus, W. (2016). Mapping the aesthetic space of literature "from below". Poetics, (56). 35–49. https://doi.org/10.1016/j.poetic.2016.02.001

Relatert innhald

Kva er estetikk, og korleis kan du bruke kunnskap om dette i møte med kulturuttrykk?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2021

Læringsressursar

Estetikk