Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk tekstuelle element i tekstar

Øv deg på å analysere tekstuelle element ved å undersøke strukturen i ulike tekstar.
Bratte, grøne fjellsider som speglar seg i ein blank fjord. Høge fjell med snø i bakgrunnen. Foto.

1. Beskriv teksten

Vel anten oppgåve a eller oppgåve b.

  1. Sjå Forsvarets film Det var en gong et land på YouTube, og beskriv korleis han er oppbygd.

  2. Les diktet "Uten tittel", og beskriv korleis det er oppbygd.

Spørsmåla under kan vere til hjelp når du skal beskrive strukturen i ein tekst:

  • Korleis startar teksten?

  • Korleis sluttar han?

  • Korleis er innhaldet elles strukturert?

  • Er det mange ulike tema i teksten, eller går det ein raud tråd gjennom det heile?

  • Korleis blir denne eventuelle raude tråden skapt?

  • Kva verknad har oppbygging og struktur på korleis du oppfattar teksten?

2. Kva modellar og omgrep kan du bruke?

  1. Les artikkelen om tekstuelle elemente i tekstar.

  2. Noter ulike modellar og omgrep som du meiner kan brukast til å analysere strukturen i den teksten du har sett på.

  3. Gå saman i par eller grupper som har undersøkt den same teksten, og del det de har notert, med kvarandre.

  4. Diskuter i par eller grupper: Kva for nokre andre innfallsvinklar til strukturen i teksten fekk de auge på då de las artikkelen om tekstuelle element?

  5. Diskuter i klassen korleis ulike modellar og omgrep kan brukast på dei to tekstane.

  6. Skriv eit kort refleksjonsnotat der du vurderer kor nyttig du synest omgrepa og modellane var, og kor godt du klarte å ta dei i bruk i arbeidet med teksten din. Var det andre som såg ting du ikkje hadde sett? Kva trur du er grunnen til det?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse