Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk estetiske element i tekstar

Summen av alle visuelle og verbale verkemiddel som er populære i ein viss tidsperiode, utgjer ein eigen estetikk som vi i ettertid kan peike på. Utforsk ein tekst frå 90-talet, og sjå om de klarer å peike på ein tidstypisk estetikk frå denne perioden.
Fem unge menneske med klede frå 70-tallet ved eni stol ved ein bassengkant. Ei kvinne med kvit slengbukse med høgt liv og mørk bluse med blomstarmønster. Ein mann med kvit bukse, blomstrete skjorte undre svart dressjakke og solbriller. Ei kvinne med raud og mønstrete kjole med matchande hovudplagg. Ein mann med blå bukse og rosa skjorte. Ei kvinne med gul kjole. Foto.

Kva er 90-talsestetikk?

Gå inn på gratisavisa Natt&Dag nr. 2 frå 1992 hos Nasjonalbiblioteket. Gå saman i par og vel dykk ein annonse eller reportasje som de skal arbeide med ved å svare på dei følgande spørsmåla.

  1. Beskriv den visuelle og språklege verkemiddelbruken i annonsen eller reportasjen de har valt.

  2. Hadde de klart å identifisere kva tidsperiode teksten er, frå om de ikkje visste det frå før? Grunngi svaret.

  3. Korleis skil det estetiske uttrykket seg frå ein tekst av same type frå dykkar eiga tid?

  4. Smak og stil frå ein periode kan ofte komme tilbake i seinare tid. Ser de nokon trekk frå 90-talsestetikken som er til stades i dagens stilbilete?

  5. Del svara dykkar med dei andre i klassen.

  6. Klarer dykk i fellesskap å definere nokon punkt som kjenneteikna estetikken på tidleg 90-tal?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Tekstanalyse